Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Då Ranveig mista mannen sin, fekk ho hjelpa ho behøvde

Han er berre seg, men likevel alt for meg.

«Eg låser meg inn etter å ha vore borte nokre timar, då står han der, lett framoverbøygd, med logrande hale», skriv Ranveig Lovise Bungum om Louie.
Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er så mange flinke hundar med ulike oppgåver. Nokre hundar hjelper sauebonden med å sanke inn bodskapen fordi det er rovdyr i nærleiken eller fordi sommarferien er slutt og tida inne i floren ventar.

Andre hundar har ein nase trena opp for å finne narkotika. Stille og konsentrert går førarhunden ved sida av mennesket sitt. Eg har så lyst til å klappe den fine førarhunden, men veit eg ikkje kan, sidan den er på så viktig jobb.

Nokre hundar finn oss menneske att når vi har rota oss bort i skogen eller på fjellet. Politihundar, jakthundar, bombehundar, lavinehundar, hundar som er besøksven og hundar som kan varsle om ein med diabetes får føling, alle saman hjelper dei oss menneske på ulik vis. Det er til og med ein som blir kalla valutahund fordi den kan lukte seg fram til større mengder med pengesetlar.

Eg vil fortelje deg om hunden min. Hunden min kan ikkje noko av det alle desse andre kan. Den er berre ein hund. Likevel er den alt. Om du vil høyre, vil eg prøve å forklare.

Du forstår, det var så mange ting som skulle ordnast i det nye livet. Det nye livet der eg berre var meg. Det nye livet utan han som før var der saman med meg, han eg trass alt elska, han som kjente at livet vart for mykje. Eg jobba meg gjennom dagane, ordna det praktiske, freista å handtere det mentale. I starten orka eg ikkje legge meg. Å ikkje legge seg er i lengda inga god løysing, det erfarte eg. Eg kom meg etter kvart i seng, men søvnen var flyktig og gav ikkje kvile sjølv om eg søv.

Natta var så stille, så stille. Eg høyrde det svake suset frå bilane nede på motorvegen. Eg såg lyset frå bilen til vaktselskapet gjennom gardina rundt klokka 01.30 om natta. Eg høyrde susinga av vatn som rann i røyra frå dei andre leilegheitene. Eg høyrde musikk frå ei leilegheit over meg der nokon hadde fest. Likevel var natta så stille at det nokre gonger var uråd å sove. Eg høyrde berre min eigen pust. Hans pust var borte.

Den yngste dottera min tinga seg ein liten kvelp. Det var ein engsteleg liten hund som av ein eller annan grunn syntest den tryggaste plassen å sove var på soverommet mitt. Meininga var at han skulle sove hos ho som kjøpte den, men ho sa det var greitt, at det gjekk fint at han søv hos meg.

Vi legg oss i lag, hunden og eg. Han legg seg i senga si på golvet, eg i mi seng. Han sovnar alltid først. Eg høyrer han, pusten hans, snorkelydane hans. Til og med dei små luftbombene som han nokre gonger slepp ut, vitnar om at eg ikkje er åleine i natta. Tidleg, medan morgonen enno har natta i seg, hoppar han opp i senga mi, legg seg ved føtene mine. Og så, litt etter litt, åler han seg opp mot ansiktet mitt. Når eg vaknar, sit han rett ved sida av fjeset mitt og ser ned på meg. Det er som om han seier: – Jaså, du er vaken, du òg?

Eg låser meg inn etter å ha vore borte nokre timar, då står han der, lett framoverbøygd, med logrande hale og den slitne tøybamsen sin mellom frambeina. Eg må smile, grip bamsen og kastar den til han. Etterpå går vi på tur, hunden og eg. Treng eg ein strekk på sofaen etter ein lang dag på jobb, sleng han seg gjerne nedpå saman med meg.

Nei, han kan ikkje slike fine ting som dei andre hundane. Han er berre seg, men likevel alt for meg. Eg trur han er ein slags psykisk-redningshund.

Kva kjæledyr likar du best?