Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Demokrati i full utfalding?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Facebook viser meg i dag eit svart-kvitt bilete frå 25. september 1972 i det pila bikka frå ja til nei ved midnatt på valdagskvelden for folkerøystinga om EEC. Lars Jacob Krogh var programleiaren, eg hugsar han også, i kvit skjorte og slips.

Kvar gong eg ser dette biletet, vert eg rørt. Sentimental, eg? Åja, men ikkje berre det. Resultatet av EEC-røystinga var verkjeleg folkemakt som vann over kapitalmakt – ein eineståande politisk kveik for ei radikal ungjente.

EEC-kampen var min fyrste politisk aktive valkamp. Eg hadde ikkje røysterett, for eg var ikkje 18 år, og den gongen var ikkje det røysterettsalder ein gong. Men vi bygdeungdommar som budde på hybel og gjekk på gymnaset i Odda, vi fann ut at vi måtte gjera eitkvart i folkestyrets teneste. Vi hadde aldri vore på husbesøk før – og vi fekk ein mild start.

Eg trur mest alle var samde med oss! Bygdefolk var kritiske til Fellesmarknaden, pengemakta var, skal vi seia ukritisk positive! «Det skal ikkje stå på pengar!» sa banksjef Mejlænder. No har eg gløymt ut kva bank han var banksjef i, men det var nok ikkje ein sparebank. Sparebankane den gongen var for nært knytte til kundane sine.

Lokaldemokratiet er i alle fall ikkje daudt. Om det gagnar folkestyret eller om det viskar ut nødvendige politiske skiljeliner, sjå det er ei anna soge.

Oddny Miljeteig

Diverre er vi no med i EØS, eg skjønar mest ikkje korleis det bar til like etter folkerøysting nummer to om Fellesmarknaden, i 1994. Ja-sida var kapitalsterke og hadde tunge samfunnsaktørar på si side. LO tillyste ekstra kongress like før folkerøystinga, og nei-mannen Terje Kalheim kunngjorde sin overgang frå nei til ja i same rennet.

Det var så regissert at vi nei-folk frykta at ja-folka ville vinna. Eit ja frå LO ville vega tungt og bli nytta for alt det var verd i innspurten før folkerøystinga. Og så tapte dei! Mon det ikkje var med seks røyster?

Det synte seg at LO var på folket si side. 52,5 prosent sa nei – altså ja til folkestyre. For det var nei-et som var eit ja til grunnleggjande norske verdiar.

Her i Bergen har det framleis ikkje utkrystallisert seg eit logisk styringsdyktig fleirtal etter bystyrevalet. Eller, no har det vel det, men kven som skal vera med i byråd, sei det kan vi framleis fundera på.

Byrådsleiarkandidaten til Høgre, Christine Meyer, lova med brask og bram at bybanen i alle fall ikkje skulle setjast i spel med henne som byrådsleiar. Det varte til valnatta.

Så har det bølgja fram og attende kven Høgre ville sondera og forhandla med. Venstre, som gjekk til val med ein halvhjarta lovnad om å vilja samarbeida med Arbeidarpartiet, byrådspartnaren, snudde tvert og gjekk til Høgre. KrF også.

Og så FrP. Dei gjekk sin veg etter at Meyer faktisk nokre dagar stod fast på at ho ville belita seg på bybanetraseen – langs Bryggen. Venstre og KrF gjekk sin veg etter at Meyer, som ikkje greidde å truga Rune Bakervik til å gå av innan ein arbeidsdags slutt, vende seg til Industri- og Næringspartiet, Bergenslisten, FrP og Senterpartiet. Ja, Senterpartiet. Som sit i regjering med AP.

For no er bybanetraseen (og bybanen?) sette i spel – for alvor? I alle fall må det ei ny utgreiing til om tunnell, skjønar eg.

Politiske kommentatorar har hatt gode dagar etter valet og meska seg med overskrifter som «fire år med politisk kaos i Bergen» (Hans Mjelva i BT) og «valgoppgjøret i byen er hinsides kaos» (Eirin Eikefjord i same avis).

Nei, seier professor Gunnar Grendstad ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, nei, det er ikkje politisk kaos i Bergen. «Det vi ser, er politisk aktivitet akkurat slik vi skal forvente etter et demokratisk valg i et flerpartisystem.» Eit fleirpartisystem skal fyrst og fremst representera folket sine meiningar.

Etter fire år skal veljarane halda partia ansvarlege. Det somme nemner «politisk kaos», er om vi held oss til professoren, bydemokratiet i full utfalding. Det er atskilleg meir trøystefullt for veljarane, er det ikkje? Det er no elles ikkje einast i Bergen at det tek tid å finna fram til eit styringsdyktig fleirtal – med politiske løftebrot i kø på vegen.

.

Les også

Vi må ikkje få ein eigen politikarklasse som frå tenåra av har vilja «bli politikarar»

Denne spaltisten må vedgå at eg ikkje ser fram til fire år med det blåaste byrådet/bystyrefleirtalet eg kan minnast. Det vert nok ikkje einast bybaneplanlegginga som går i revers. Eg gruar meg til stillstand og tilbakegang for kampen mot fattigdom, mot kommersialisering av eldreomsorga og kommunal reduksjon av SFO-kostnader.

Industri- og næringspartiet er ei soge for seg – ei falsk trøyst for dei som synest det har vorte for mykje prat om klima her oppe på Oljeberget. Blokkuavhengig, visstnok. Nett som Bergenslisten.

Det er mest som eg saknar KrF, som no ikkje skal vera med i fleirtalet. Det har dei vore, med skiftande styringsparti i så godt som heile tida etter at Bergen la under seg dei gamle omlandskommunane.

Sentrumsparti skal på ein måte kunna sjå både til høgre og venstre, alt ettersom det passar. No ser Senterpartiet til høgre i byen og til venstre i Vestland fylke. Rundt omkring i landet er det eit samansurium av fleirtalskonstellasjonar og -koalisjonar. Ja, SV er med i somme, også.

Lokaldemokratiet er i alle fall ikkje daudt. Partikoalisjonane er slett ikkje gjevne. Om det gagnar folkestyret eller om det viskar ut nødvendige politiske skiljeliner, sjå det er ei anna soge. I alle fall har vi enn så lenge i Noreg eit mangfaldig konglomerat av kommunar ned til dei minste. Venstre synest det er altfor mange. Det er ein merkeleg måte å forvalta arven som parlamentarismens moder på.

Eg vender attende til svart-kvittbiletet frå 1972 og tenkjer at det norske folkestyret, med alle dess skavankar og underordning av EØS, er verd å kjempa for. Historia viser at folkestyret i Noreg er seigliva og kan slå attende både kapital- og høgrekrefter når det verkeleg gjeld. Som 25. september 1972.

Les også

Det handlar ikkje om Melkøya – det handlar om Melkeplassen!