For første gong nokon gong, blei det arrangert Pride-parade i Sogn og Fjordane.

Over 40 organisasjonar og truleg eit tusental menneske møtte opp i den fargerike paraden i Førde laurdag.

– Eg er heilt rørt no. Å sjå alle som stod langs paraden og heia på oss med flagg og heiarop var sterkt for oss som gjekk i toget, seier festivalleiar Sandra Edith Tenud (21).

Ho byrja å planlegge paraden tidlegare i år. Dei siste vekene har vore i travlaste laget, seier 21-åringen.

– Men folk i heile fylket har vore enormt behjelpelege. Det er mange som ser eit behov for denne markeringa.

Tenud er ikkje sikker på kor mange som deltok i toget, men seier det er snakk om eit tusental.

– Det var rett og slett for mange til at vi greidde å telje. No går paraden over i ein stor fest.