KORT FORTALT

Og: Slik deler dei ut ordførarklubber. Listetoarens revansje. Eit kart som seier meir enn tusen ord.

God torsdag! Valet er overstått, men enno er mykje i det blå. Forhandlingar er tema for dagens Kort fortalt.

⌚ I dag tar det under tre minutt å lese.

1. Dette forhandlar dei om i Bergen

bilde

I desse dagar sit fleire parti i møte med Arbeidarpartiet her i Bergen og forhandlar om makt.

For å lukkast må minst seks parti bli einige. Det er nemleg det som skal til for å få fleirtal i Bergen etter valet.

Men, men, men: Det er ikkje plass til alle i eit byråd, Bergens «regjering».

Det kan gi meining at det blir dei største partia som går inn i byråd saman. Problemet er at dei minste partia, KrF og Venstre, lett kan vippe over til Høgre og Frp. Dermed er det farlegare å la dei stå på utsida enn Raudt og SV, som truleg vil støtte Ap uansett.

Kva betyr dette? Me kjem til å få mykje forhandling og hestehandel i dei fire åra som kjem. Byrådet kjem heile tida til å måtte gi noko til andre parti, for å kunne få fleirtal til å styre vidare.

2. Dette skjer i dei andre kommunane

bilde

Ned Alley, NTB Scanpix (arkiv)

Kven blir ordførar? Det er det store spørsmålet i mange kommunar etter valet. Men også andre posisjonar skal fyllast: Varaordførar, plassar i ulike utval og i formannskapet.

Jukselapp: Kva var no formannskapet igjen? Nesten alle norske kommunar har eit slikt politisk organ. Her sit nokre av kommunestyrets medlemmer, fordelt etter storleik på partia. Formannskapet førebur saker for kommunestyret, men har også makt til å ta avgjerder sjølv i ei rekke saker. Dermed er ein plass her attraktivt for eit parti.

Kva skjer no? I desse dagar delar politikarane rollene mellom seg i ein bytehandel – som i Stad, der Alfred Bjørlo i går kveld sikra seg å halde fram i jobben som ordførar.

3. Ho tapte leiarkampen i Ap – i valet fekk ho revansje

bilde

Ordførar Marte Mjøs Persen prøvde å bli toppkandidaten for Arbeidarpartiet i Bergen dette valet. Men partifellane ville heller ha Roger Valhammer som sin leiar.

Kva betyr det? Ingenting. Det er framleis Roger Valhammer som eventuelt blir byrådsleiar.

Bonus: I Høgre blei det gjensyn med ein gammal kjenning. Herman Friele fekk flest personstemmer i partiet, og kom inn i bystyret.

4. Dagens bilde: Slik stemte naboane til bomstasjonane

– Ikkje akkurat ein genistrek, seier valekspert Johan Giertsen om at den ytre bomringen vart sett opp eit knapt halvår før valet.