Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

– Foreldre må køyre rundt medan ungane deira spelar

For tilreisande er det vanskeleg å delta på arrangement i Bergen.

Ved nye idrettsanlegg i Bergen kan det vere vanskeleg å finne ein plass til å setje bilen, som her ved Åsane arena.
Foto: Bård Bøe (arkiv)
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I helga var det volleyballturnering i Zinken Hopp idrettshall. Hallen ligg ved bybanestopp. Heilt topp! Men for kven?

Lag kom frå mellom anna Norheimsund, Hatlestrand, Sotra og Holsnøy. To lag kom frå Bergen. Ved denne hallen fann eg plass til to handikapbilar, og det var det.

Tilreisande frå nemnde stader kjem i bilar, med kanskje unntak av bergenslaga. Dei kjem til ein «drop off»-plass der spelaren går av og foreldre som ønskjer å følgja, må starta leiting etter plass å setja bilen.

Eg møtte for å sjå finalekampen. For å seie det slik: Ikkje vanskeleg å få plass på tribunen.

Parkeringspolitikken i Bergen vil verken redde klimaet eller oppmuntre til å delta på arrangement i kommunen.