Rune Bakervik (Ap) presenterte sitt nye byråd 3. november, saman med Venstre. Bjørn Erik Larsen (Arkiv)

Hald deg fast. Det neste året kan bli rarare enn det førre i bergenspolitikken.

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Då Rune Bakervik (Ap) vart byrådsleiar i haust, var det utan MDG i byråd. Ifølgje Bakervik, tyda samtalane hans med dei andre partia på at det «er bredest parlamentarisk grunnlag for et byråd med Arbeiderpartiet og Venstre.»

Det har gått sånn passe. No vil ikkje MDG støtte budsjettet dei sjølv var med på å leggje fram i september. Saman med SV og Raudt braut dei budsjettsamtalane med byrådet før helga.

No snakkar Ap, Venstre, Høgre, KrF og Senterpartiet saman om neste års budsjett. Det er sjeldne saker, sjølv i Bergen.

Sist gong Ap og Høgre samarbeidde om budsjettet i Bergen var i 2005, då Frp braut med det Høgre-leia byrådet. «Frp lukker døren og brøt avtalen med oss, mens Arbeiderpartiet har vist ansvar», sa Høgres Hilde Onarheim til BT den gongen.

Høgre har gode grunnar til vise det same ansvaret no, og støtte Arbeidarpartiet. Gjer dei ikkje det, risikerer Høgre å sitte igjen med svarteper.

Les hele saken med abonnement