Norway

Her ser du Monica Mæland-effekten

Bergen Høgre er tilbake. Men ikkje ein gong prøv å ta æra for det sjølv.

Publisert Publisert

For mindre enn 20 minutter siden

Dei mange pressekonferansane med ein klar og tydeleg bodskap, har gjort justisminister Monica Mæland (H) nærast folkekjær den siste tida. Det er all grunn til å tru at den effekten også forklarer oppsvingen for Bergen Høgre. Foto: Heiko Junge (arkiv)

34,8 er eit tal Høgre kan like.

Ein slik oppslutnad på ei lokal partimåling gir ein smak av gode, gamle dagar i Bergen.

Av tida då Høgre låg jamt over 30-talet, og hadde ei råsterk dame med arendalsdialekt som sin frontfigur.

No er Monica Mæland endeleg tilbake. Og sjølv om det no er Oslo og ikkje Bergen som er scena hennar, ser det ut til å funke omtrent like godt.

Den siste partimålinga gjort for BT, er fantastisk nytt for Harald Victor Hove og resten av Bergen Høgre. Men dei har lite med resultatet å gjere.

Her snakkar me Monica Mæland-effekten.

Den ferske bergensmålinga er nærast ein tru kopi av nasjonale målingar frå den siste tida.

Ap gjer det godt. Høgre gjer det litt betre. Resten av opposisjonspartia ligg nokså stabilt, medan Frp har opplevd eit ganske kraftig fall.

Les også

Høyre jubler for kjempemåling i Bergen, men må takke Erna, Monica og korona

Den einaste tydelege forskjellen her i Bergen er at Høgre gjer det endå betre enn nasjonalt, og Frp endå dårlegare. Det eine forklarar det andre. Mange av Høgres veljarar kjem nettopp frå Frp.

I tillegg har me sjølvsagt bompengepartiet med i likninga, som held fram med å falle slik dei har gjort sidan valet. Også dette er med på å forklare Høgres ekstra vekst her i Bergen, fordi mange bompengeveljarar no går tilbake til Høgre.

Høgres frontfigur i Bergen, Harald Victor Hove, meiner partiet har sett agenda lokalt. Det må vere lenge sidan. Foto: Geir Martin Strande

I BT erkjenner Høgres frontfigur i Bergen, Harald Victor Hove, at han må takke regjeringa for den store oppsvingen her lokalt.

Men han meiner også at bergensarane må ha lagt merke til den gode jobben partiets bystyregruppe har gjort med å setje agenda og snu politikken.

Kva han siktar til her, er uvisst. Det er vanskeleg å kome på døme på at dette har skjedd.

Rett nok var Høgre begynt på ein opptur etter valet allereie i haust. Men truleg har det handla mest om at dei fekk tilbake veljarar dei hadde tapt til bompengepartiet.

I den koronaprega kvardagen dei siste månadene har Høgre ikkje klart å hevde seg i det heile tatt.

Til deira forsvar har berre nokre få lokale saker gjort seg gjeldande. Dei mange dødsfalla på sjukeheimen Metodisthjemmet skil seg mest ut. I tillegg har innfasinga av skular og barnehagar vore ei sak som handlar mykje om lokal handtering.

Høgre har gjort nokre forsøk, men ikkje klart å gjere seg synlege i nokon av desse sakene.

No viser bergensmålinga at heller ikkje byrådspartia, som trass alt har kunna handtere krisa her lokalt, får betalt for dette hos veljarane.

Det er rett og slett svært vanskeleg å skaffe seg godvilje lokalt i ei krise som er nasjonal og global. Monica Mæland og Erna Solberg har stole showet i Oslo.

Men sjølv om den ferske målinga er ein gigantisk opptur for Høgre i Bergen, er det ein kraftig bismak her. Sjølv med dette fantastiske talet som eit valresultat, ville Hove neppe blitt byrådsleiar.

Årsaka er at dei har fått så godt som alle veljarane frå potensielle samarbeidspartnarar. Ein brei koalisjon med Frp, KrF, Venstre og bompengepartiet ville framleis vore eit mandat frå fleirtal i bystyret.

Det same problemet har Høgre nasjonalt. Dei får betalt i bøtter og spann for handteringa av koronakrisa, og er igjen største parti i landet på målingar. Erna Solberg er klart meir populær enn Jonas Gahr Støre.

Men Støre ville framleis blitt statsminister, om dette var valresultatet. Veljarane Høgre tiltrekk seg, kjem frå deira eigne samarbeidsparti. Generelt flyttar dei fleste veljarane seg berre innanfor dei to hovudblokkene.

Det hjelper ikkje at Høgre veks, dersom Frp, KrF og Venstre minkar minst like mykje.

Football news:

After football, Buffon will return to school. He once faced prison for a false diploma
Ronaldo scored the first goal for Juventus from a free kick. There were 43 attempts
Ronaldo is the first in 59 years to score 25 goals for Juventus in Serie A in a single season
Sulscher on 5:2 with Bournemouth: I am happy with the energy of Manchester United and the goals scored. It was a match for the fans
Rashford on 5-2 with Bournemouth: it's Important to push on until the end of the season. Exciting time
⛔ This is the first League of Armenia was stopped because of dogovornjakah. Banned 5 clubs and 58 people (45-for life)
Greenwood scored 15 goals in a season and became the youngest Manchester United player with such a result in 37 years