Norway

Ho lytta, forstod og støtta

Randi Pedersen døde 73 år gammal.

Publisert Publisert

Nå nettopp

.css-1qhdkip{position:absolute;z-index:1;width:100%;height:100%;top:0;left:0;object-fit:cover;object-fit:contain;}

På den eine sida var ho den blyge vesle blomen, aleine i den store skogen. På den andre sida var ho ein kvass samfunnskritikar, skriv venner om Randi Pedersen. Foto: privat

Randi Pedersen er gått bort etter lang tids sjukdom. Ho vart 73 år gammal.

På den eine sida var ho den blyge vesle blomen, aleine i den store skogen. På den andre sida var ho ein kvass samfunnskritikar.

Ho var ei tid lærar på Ortun skole i Bergen og på Bugøynes i Finnmark.

Randi hadde eit skarpt intellekt. Bokhylla hennar var ikkje til pynt, her fann du faglitteratur dei færraste les. Ho retta interessa si mot bruk og misbruk av makt i samfunnet.

Utan støtte i eit fagmiljø tok ho på sjølvstendig vis magistergraden i sosiologi. Rettleiar var den kjende Dag Østerberg, som såg talentet i henne.

Ei vidare forskarkarriere blei stoppa av sjukdom og motgang. Randi var svært oppteken av jødane og Israel, og fast lesar av The Jerusalem Post.

Ho blei hardt ramma av ulike sjukdommar. Ei motvekt her var ein sterk sans for humor, og sjølvironi.

For oss sette ho sterke spor etter seg i sitt eineståande trufaste og lojale vennskap gjennom mange tiår. No kjennest ho uerstatteleg. Ho lytta, forstod og støtta.

I djup respekt seier vi ein varm takk for følgjet, i skjemt og moro, i alvor og motbakkar. Det var fint å ha akkurat Randi med på vegen.

Ragna Ådlandsvik, Helena Bjørnå og Sigrun Sundby

Football news:

Shalimov about Miranchuk: Atalanta is an ideal team for him. Don't go anywhere
Agent about Wendel in Zenit: A risky deal, may not be justified
Shevchenko about Ukraine at Euro 2020: Goal-minimum-exit from the group
Tottenham are Interested in Southampton's top scorer Ings. He has 7 goals in 13 Premier League games
Midfielder Loko Berkovskiy focuses on de Bruyne: I give passes more often, I don't hit many goals, but I draw conclusions
Ex-coach Genoa Nicola took charge of Torino
Lampard on 8th place Chelsea: I can handle the pressure