Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Meldt om slagsmål på Straume

Operasjonsleiar Svein Rune Halleraker bekreftar at politiet fredag kveld rykte ut til Danmarks plass etter melding om ei valdshending.

Han kan ikkje sei kor mange som er involverte i hendinga, eller kva som har skjedd.

– Det er ei avslutta hending, men vi er på staden og undersøker kva som har skjedd. Pr. no er det heile litt uavklart, men alle dei involverte skal vere oppegåande, seier han til BT klokka 19.45.

Like før klokka 20 melder Vest politidistrikt at valdshendinga skal ha skjedd ute på gata, og at ingen personar skal vere alvorleg skadd.

Helsepersonell er også på staden. Det skal vere kontroll på de involverte.

Hendinga skal ha blitt meldt inn klokka 18.52.

– Det var fleire som skal ha sett hendinga på gata, og det vart meldt om at det moglegvis var observert ein farleg gjenstand, seier Halleraker.

Det skal også ha blitt sett blod på staden, som gjorde at ambulanse også vart kopla inn.

Klokka 20.14 melder politiet at dei involverte er to menn i 30-åra.

Begge blir bringa inn til politistasjonen for vidare avhøyr etter helsesjekk hjå legevakt.

Politiet avsluttar på staden, og opprettar sak.