Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Milliardsløsing i skatteparadis

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Godveret legg seg som eit mildt lys over Åkrafjorden. Då vi kom heim søndagskvelden etter barnebarnbursdag i Haugesund, var det ein av desse mjuke, stille kveldane som finst berre om sommaren. Eg veit ikkje om dei finst andre stader enn her oppe i nord?

Venninne Ursula, barnefødd i Tyskland, bestemte seg for å flytta til Noreg etter å ha opplevd lyset frå norske sommarkveldar sveipa seg over menneske og landskap.

Eg hadde i grunnen ikkje tenkt over det før ho skildra det så levande, nett som skulle det ha vore i eventyret. Etter det har eg også late meg røra av dette sommarlege naturmirakelet. Aldri så små skoddedottar kan laga flekkar utover fjorden for å understreka det milde i lyset.

På slike kveldar tek sommarlyset brodden av alt som måtte vera trasig og gale og får ein til å tenkja at slik må kvelds- og nattelyset vera i sjølvaste Paradiset. Eg trur det. Medan her i det jordiske er det alltid noko som gjer til meins.

Valkampen har i grunnen starta, og då vert heldigvis søkjelyset retta mot skavankar som må rettast på i samfunnet vårt. Sjølve folkestyret ser ut til å få ein plass i kommunevalkampen. La oss håpa at det ikkje berre er pliktløpets forpostfektingar før midten av august.

Kommunevalkampen er lokaldemokratiet sin valkamp. I år er kommunane både færre og delvis større. Somme meiner at det skal gje eit meir «effektivt» demokrati. Vel, demokratiet er mangt, men effektivitet i vanleg tyding er på ingen måte ein målestav. Demokratiet er i grunnen ei lite effektiv styreform? Dess fleire som skal ha eit ord med i laget, dess mindre effektivt vert styresettet. Eller?

Poenget med demokratiet er nett at innbygjgarane, folket, skal ha råderett. Dess fleire som har eit ord med i laget, dess meir effektivt vert då demokratiet?

Så vi må redefinera effektivitet når det kjem til folkestyret: Det mest demokratiske er ikkje at avgjerder skal takast kjappast mogleg, men at avgjerder skal vera forankra i dei breie lag av folket. Det betyr at ein må ta seg tid og drøfta ei sak heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Ikkje dermed sagt at ein skal kimsa av å ta avgjerder, slett ikkje. Men det tener ikkje folk og folkestyre om ein elite av toppbyråkratar og nokre få politikarar peisar i veg og driv fram «utviklinga». Det gjer altså ikkje det.

For alle byar av nokon storleik er lokaldemokrati, nærdemokrati ei evig utfordring. Ja, la meg nytta dette platte omgrepet «utfordring» sidan «problem» synest å vera bannlyst frå den politiske debatten. For min del synest eg ikkje vi skal løyna at det min santen finst problem i alle samfunn.

Det betyr ikkje at dei er verre å løysa enn dei såkalla utfordringane, men understrekar at vegen til løysing har både humpar og motbakkar.

I vårt grisgrende land krev lokaldemokratiet at folk vil nytta tid til å samlast, det vere seg til kommunestyremøte, formannskapsmøte eller alle andre slags møte.

Så seint som i min barndom var det fjorden som batt saman, ikkje skilde. Men det tok tid å koma seg til kommunesenteret i Skånevik, seinare, etter kommunesamanslåinga på 60-talet, Etne. No gjer vi unna reisa heil-motorisert og fer vide på ein time. Men ikkje så fort som lynet.

Kapitalen, derimot, fer like snart som lynet. Skatteflyktande kapital fer ekstra fort. Ein ny rapport frå interesseorganisasjonen Tax Justice Network melder at det på verdsbasis vert lurt unna skatt for 4.700 milliardar kroner frå nasjonale styresmakter. Det er kolossalt mykje pengar, og tilsvarer halvparten av det som vert nytta til offentlege helsetenester på verdsbasis.

I Noreg vert det lurt unna 16,2 milliardar kroner årleg til skatteparadis. 16,2 milliardar kroner. Bergen, Noregs største alminnelege kommune, ville koma langt med 16,2 milliardar.

For nokre dagar sidan sa Professor Guttorm Schjelderup ved senter for skatteforsking ved Handelshøgskulen i Bergen i Klassekampen at vi har vore «litt for naive» i Noreg med tanke på kor lett det er å unngå skatteplikt. Politikarane har vorte springande etter, og norske politikarar er ikkje åleine. Det har vorte nærast umogleg for nasjonale styresmakter å rydda opp i lovverket. Internasjonale tiltak må til.

Les også

Bekrefter til BA: Den styrtrike eieren er om bord

Ein metode for å unngå skatt er at eit dotterselskap i Noreg kan ta ut overskot og overføra dette lovleg til eit større eigarselskap i EØS – utan at dette vert skattlagt. Luxemburg, Nederland, Sveits og Liechtenstein er døme på EØS-land som vert klassifiserte som skatteparadis.

Kva skal vi då med EØS? Det må vera lov å spørja når land innan EØS-området medverkar til å snyta andre EØS-land for rettkomen skatt.

I 2021 gjorde OECD framlegg om ein global minsteskatt for selskap på 15 prosent. Ein global sats vil sterkt avgrensa fordelane ved skatteplanlegging til skatteparadis. Og la oss no hugsa på, fyrst som sist, at skatt ikkje er ei vondsinna plage frå nasjonale styresmakter, men finansiering av velferd, helse, utdanning, samferdsle og andre fellestenester i eit land.

Les også

Familiane som slit kan ikkje flytta til Sveits for å spara pengar

Eivind Furseth, fyrsteamanuensis på BI, meiner at eit hovudproblem med selskapsskatten i dag, er at alle land har ulike lovverk og at ingen ynskjer å strama til regelverket av frykt for å «skremma vekk» bedriftseigarane.

Problemet er at vi ikkje har ei internasjonal skattelov – og dermed ulike regelverk som skaper såkalla skatteplanlegging og med det unnasniking av skatt.

Kommune-Noreg ville kunna ha god bruk for 16,2 milliardar årlege kroner – til heilt nødvendige tenester innan eldreomsorg, barnevern, helse og samferdsle. Gul midtstripe og trygge bruksvegar, det er då slett ikkje sløsing med pengar!

Sløsing er det derimot når 16,2 milliardar vert nytta til skattesvik mot heimlandet. Milliardsløsing. I skatteparadis. Eit skatteparadis er min santen ikkje noko paradis. Det er heller det motsette – for heimland og folk.

Les også

«Ikkje kødd med våre rikingar»