Kai A. Olsen formidlar vidare i innlegget «Kryptovalutaer må nok kallast ein fiasko» mytar om bitcoin og straumforbruk (DN 12. februar). Han synest heller ikkje å vere oppdatert på teknologien.

Mytane om energibruken bak utvinning av bitcoin stammar frå ein mann som heiter Alex De Vries, som står bak bloggen Digiconomist. Han har ikkje gjort nokon reelle analysar av energibruken. Metoden hans går ut på å utleie kostnadane ved bitcoin-utvinning av bitcoin-kursen og ei tenkt forteneste ved ein tenkt straumpris.

Hadde han prøvd å utleie kva som helst anna på same måte, til dømes produksjonskostnaden for ein Iphone basert på utsalsprisen, hadde ingen teke det seriøst.

Berre kunnskapsløyse gjer at han slepp unna med det for bitcoin.

Eg har sett talet hans vorte referert av mange. Til og med finansminister Siv Jensen til Stortinget. Det gjer ikkje talet meir rett.

De Vries opererer med to verdiar. Eit «estimat» og eit «minimum».

Minimum er basert på kor mykje energi ei maskin for bitcoin-utvinning frå 2016 (!) brukar. Det er snart tre år sidan den maskina vart lansert. Det beste på marknaden no brukar berre halvparten av energien, og det er mykje betre utstyr på veg.

Olsen nemner Mongolia. Eg tvilar sterkt på at Mongolia er eit viktig land for utvinning av kryptovaluta, fordi kolkraft er for dyrt. Det er mykje stranda solenergi i Indre Mongolia, ein provins i Kina. Eg har høyrt rykte om at kinesiske bitcoin-gruver utnyttar den om sommaren og flyttar sørover om vinteren, men veit ikkje om det stemmer.

Eldoradoet for bitcoin-utvinning i Kina har vore Sichuan-provinsen. Berre eitt av vasskraftverka der er større enn alle kol- og gasskraftverka i provinsen til saman. Mykje av smeltevatnet frå Tibet renn gjennom provinsen, som har svært mange små og store vasskraftverk og få måtar å få transportert krafta ut til resten av Kina på.

Den kinesiske nettstaden 8btc.com hevdar at 70 prosent av alle bitcoin vert vunne ut i Kina og 70 prosent av dei i Sichuan-provinsen, med billig stranda vasskraft.

Stranda vasskraft har vi mykje av i Noreg og. Mange småkraftverk har fått konsesjon, men får ikkje starta opp på grunn av manglande kapasitet i nettet. Bitcoin-utvinning er ein mogeleg måte å utnytte stranda energi på, og det er enkelt å flytte riggen når nettet i området vert godt nok til å ta imot overskotet.

Bitcoin-utvinning er eit nullsumspel. Dersom vi aukar produksjonen av bitcoin basert på norsk vasskraft, går samstundes produksjonen ned for alle andre. Dermed gjer vi det mindre lønsamt å bruke fossil energi til bitcoin-produksjon. Ved å gjere fornybar energi kunstig dyrt, og heller subsidiere oljeindustrien offshore med fullstendig fritak for elavgift, gjer vi det lønsamt for bitcoin-gravarane å bruke dyrare fossil energi.

Kvifor vi subsidierer oljenæringa med avgiftsfritak, veit eg ikkje. I motsetnad til bitcoin-gravarane kan ikkje oljeindustrien ta med seg plattformene til Sverige og betale svenske avgifter for den same straumen.

Elles ser eg at professor Olsen ikkje er spesielt oppdatert på transaksjonstider heller. Det siste året har ein stor del av bitcoin-transaksjonane flytta seg over på eit nytt lag, kalla «Lightning network», der ein gjennom eit nettverk av betalingskanalar kan få transaksjonar på sekundet til nesten ingen kostnad. Denne teknologien gjer det også mogeleg å strøyme pengar, på same måte som ein kan strøyme film eller elektrisk straum eller mykje anna.

Ein kan til dømes tenkje seg å betale for elektrisk straum på ein ladestasjon ved å sende ein straum av pengar attende. Når ladestasjonen kuttar straumen, kuttar bilen betalingsstraumen og omvendt. Det tyder tryggleik og minimal kostnad for begge partar, og uavhengig av tredjepart. Transaksjonen er ferdig oppgjort frå start til slutt.

Det er berre ei av nyvinningane som gjer at bitcoin no har fleire bruksområde og mykje større kapasitet enn for eit år sidan.(Vilkår)Copyright Dagens Næringsliv AS og/eller våre leverandører. Vi vil gjerne at du deler våre saker ved bruk av lenke, som leder direkte til våre sider. Kopiering eller annen form for bruk av hele eller deler av innholdet, kan kun skje etter skriftlig tillatelse eller som tillatt ved lov. For ytterligere vilkår se her.

Slik høres en bitcoinfabrikk ut

Konstant støy fra viftene på bitcoinfabrikken i Hønefoss har fått naboene til å reagere. Selskapet som eier fabrikken har tatt bråket på alvor, de har nå investert syv millioner kroner for å fikse problemet.