Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Nå er jordvern alvor! Me ventar store tilbakeføringar av jord til landbruk i Sør-Rogaland

DEBATT: Me som er opptekne av jordvern, håpar me er inn i ei ny tid, der jordvern ikkje lenger er tomme ord, for meg må ta vare på kvar kvadratmeter dyrka og dyrkbar jord.

Me i Jordvernforeningen i Rogaland er opptekne av at gjeldande arealplanar for fylket, regionane og kommunane så snart råd er får ein grundig gjennomgang. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Debattinnlegg

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Det internasjonale tidsskriftet The Economist har i mai som si hovudsak ‘The coming food catastrophe’, VG har den 22. mai oppslaget ‘Matvaresituasjonen, veldig urovekkjande’, og på den store kongressen i World Economic Forum i veke 21 var eitt av hovudemna ‘Mat-/priskrise i år, kanskje verre framover’. Og slik kan me ramsa opp frå ulike media og fora.

I Stavanger Aftenblad av 27. mai har Harald Birkevold ein framifrå kronikk, ‘Den perfekte stormen’, som på ein særs god måte forklarer kvifor signala er så klare.

Regjeringa kjem med ein ny jordvernstrategi, der målet er å snarast koma ned på maksimal 2 000 dekar omdisponering av dyrka og dyrkbar jord i året. Me må me tru at dette er første steg for å oppfylla ein nullvisjon litt lengre framme.
Rogaland fylkeskommune har også vedteke at det skal arbeidast ut ein ny jordvernstrategi. Det er all grunn til å tru at det der blir sett eit tal på maksimalt 200 dekar omdisponert per år. Dei siste åra har talet lege på rundt 600 dekar per år. Fylkeskommunen skal følgja opp ovanfor kommunane for å sjå til at målet blir nådd. Statsforvaltaren har også ei sentral rolle i å sjå til at kommunane følgjer opp den gjeldande statlege politikken til ei kvar tid.

Les også

Holdningen til jordvern gir grunn til håp

Sjølvforsyninga må opp

Like etter 2. verdskrigen hadde me 2,3 dekar dyrka jord for kvar innbyggjar, nå bare 1,8 dekar. Målet er å kom opp på 2,3 dekar att, gjennom strengt jordvern og ei auka nydyrking. Sjølvforsyninga vår ligg i dag på snautt 40 %, målet er å auka til 50 %. Det er også eit lågt tal, men likevel svært ambisiøst og krevjande.

Me har trøysta oss med at me med alle våre pengar kan kjøpa maten på den internasjonale marknaden. Når me ser til Ukraina, ser me at det ikkje er garantiar mot avstenging. Den sterke prisstiginga som har vore på mat den siste tida, vil halda fram. Dette vil gå ut over dei som har lite pengar i Norge, og endå meir internasjonalt. Spådomane om store flyktningstraumar som ein konsekvens av dette er så absolutt realistiske.

Me i Jordvernforeningen i Rogaland er opptekne av at gjeldande arealplanar for fylket, regionane og kommunane så snart råd er får ein grundig gjennomgang. Regjeringa er heilt tydeleg på at jordvern nå skal vera eit overordna omsyn i all arealplanlegging. Og ein kan ikkje ha fleire overordna omsyn samstundes. Talspersonar for regjeringa er også tydelege på at alt jordbruksareal der utbygging ikkje er starta, kan og skal vurderast med tanke på tilbakeføring til landbruk.

I kommunane på Nord-Jæren er rundt 23 000 dekar jordbruksareal lagt ut til ulike utbyggingsføremål i godkjente planar. Ut frå signala frå regjeringa seier det seg sjølv at ein stor del av dette skal førast tilbake til LNF-område, med hovudvekt på landbruk.

Prosjekt må vika for jordvern

Randaberg fekk for få år sidan jordvernprisen for tilbakeføring av vel 400 dekar til landbruk. Sandnes har tilsvarande i sitt utkast til ny kommuneplan ført tilbake vel 400 dekar. Men begge desse kommunane må ta nye, tunge tak. I Sandnes kan me visa til over 400 dekar førsteklasses matjord i Vagle-/Stokkelandsområdet som dei stridast om. Det bør vera opplagt at dette må førast tilbake til landbruk. I Time syner kommuneplanen ei storstilt utbygging til næring og industri på store jordbruksareal på Kalberg og tilgrensande område. Med dei klare signala frå regjeringa sine talspersonar om at næringsutvikling ikkje lenger skal skje på dyrka jord, fell planen her til jorda. Mange vil opptre som om dei er sjokkerte over dette. Like store utfordringar ligg det nok i Stavanger og Sola. Det vil nærast opplevast som eit jordskjelv med dei tilbakeføringane som må skje.

Me ventar at kommunane, fylket og Staten nå følgjer opp. Me som har følgt jordvernet i nokre tiår, har hatt meir enn nok vonbrot opp gjennom åra. Nå er jordvern alvor. Behovet for den dyrka jorda til matproduksjon er det ikkje lenger nokon tvil om.

Like etter 2. verdskrigen hadde me 2,3 dekar dyrka jord for kvar innbyggjar, nå bare 1,8 dekar. Målet er å kom opp på 2,3 dekar att, gjennom strengt jordvern og ei auka nydyrking.

.css-1cefg1s{position:relative;overflow:hidden;clear:both;margin-bottom:24px;line-height:1.3em;}

.css-1vial0t{max-width:100%;width:100vw;border-width:0;}@media screen and (-ms-high-contrast: active),(-ms-high-contrast: none){.css-1vial0t{padding-bottom:4px;}}