smp-stories-top-widget

Mange omtalar Miljøpartiet Dei Grøne som eit byparti, der alle medlemmane bur i storbyar og drikk kaffe latte. Det er ikkje sant.

Det er klart at det er særdeles mykje lettare å leve miljøvennleg i storbyar med rikeleg tilgang på vegetarkafear, kollektiv transport og alt ein skulle trenge, rundt seg.

3rd-party-bio

Dermed vert det også mykje lettare å kutte utslepp og gjere endingar der. Endringar likar media godt å dekkje, og MDG er gode på grøn endring.

Aldri sagt

Men vi har aldri sagt at vi vil at Tore frå Finnmark skal måtte kaste bilen sin på dør. MDG kjempar for å legge til rette for at det skal bli lettare å leve miljøvennleg.

Akkurat derfor kjempar vi for fleire ladestasjonar, slik fleire kan ha moglegheit til å bytte til elbil. Vi vil det beste, også for distriktet.

Vi kan kome med konstruktiv kritikk til oss sjølve om at distriktspolitikken kunne vore kommunisert noko betre og tydelegare.

Faktum er at MDG er ein stor pådrivar mot sentralisering. Vi er opptatt av at folk skal kunne busette seg der dei vil, og bli verande.

Ei av årsakene til sentralisering er manglande og avgrensa moglegheiter for arbeid og utdanning. Difor er det viktig at staten til dømes plasserer statlege arbeidsplassar rundt i distrikta og sikrar at også distriktsfolket kan ha mangfaldige liv og arbeidsmoglegheiter.

Flytte attende

I framtida ønskjer eg å flytte attende til bygda, til lærlingsplassar, eit nyskapande næringsliv, eit rikt kulturtilbod og dei nære tenestene som fastlege og beredskap. Ein stad der vi ser og bryr oss om kvarandre.

I haust er det endeleg tid for lokalval, og i år kan 90 prosent av befolkninga stemme grønt. Fleire enn nokon sinne!

Valet du gjer, er viktig. Det er ikkje berre viktig for deg, men også for jorda og alt som lever her. Miljø er ikkje alt, men alt er miljø.

13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.