Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Strand Ap har eit heilt anna syn på grensejusteringssaka mellom Strand, Forsand og Sandnes enn Wirak og Sandnes Ap

DEBATT: I Strand Arbeiderparti finn me fleire gode grunnar til at Ap både kan og bør stille seg bak konklusjonane frå Statsforvaltaren og konklusjon om at Forsand bør gå saman med Strand kommune. Me meiner vedtak i Stortinget skal gjelde, og vere haldbare over tid.

I sum klarte den politiske leiinga i gamle Forsand ikkje å gje prosessen om kommunesamanslåing med Sandnes, tilstrekkeleg demokratisk legitimitet, noko som er sterkt medverkande til at denne saka framleis lever. Foto: Pål Christensen / Stavanger Aftenblad

Debattinnlegg

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

I pågåande sak om grensejustering av Forsand frå Sandnes kommune til Strand kommune, finn me grunn til å gjere merksam på at det finst fleire syn på kva som vil bli ei god løysing enn det som vert kommunisert frå ordførar i Sandnes kommune, Stanley Wirak. Strand Arbeiderparti sitt syn i denne
saka skil seg kraftig frå Sandnes Arbeiderparti sine syn. Gjennom ei rekkje avisinnlegg er det spesielt å sjå den kommunikative verkemiddelbruken frå Wirak. Me siktar då spesielt til artikkelen i Stavanger Aftenblad den 23.02.22, kor han freistar å riva til seg definisjonsmakt for kva som er akseptabelt for Arbeidarpartiet, med orda; «eg kan ikkje forstå at Ap kan leve med at konklusjonen til Statsforvalteren blir ståande».

Tabben i Forsand

Arbeidarpartiet har vore, – og skal vere eit parti med stor takhøgd i debattar med rom for ulike syn og ståstader, men ein føresetnad for haldbare vedtak i politiske organ, Stortinget inkludert, er at det ligg føre eit godt
avgjerdsgrunnlag. Allereie på avgjerdstidspunktet var Stortinget kjend med at det var stilt gode og kritiske spørsmål til den demokratiske kvaliteten i prosessen som dåverande Forsand kommune hadde vore gjennom.

Ordføraren i gamle Forsand sine grep ved kommunestyrebehandlinga gjeldande grensejustering – for eller i mot samanslåing med Sandnes, kor
han klarte å omgå at eit kommunestyrefleirtal mot Sandnes kom til uttrykk, er ein kardinalfeil for ein kvar ordførar. Å ikkje la gamle Forsand kommunestyre sitt syn kome fram, er i etterkant av stortingsvedtaket om kommunesamanslåingar, konkludert som lovstridig av Statsforvaltaren i
Rogaland. Ein tok i same prosessen truleg for lett på å involvere innbyggjarane i saka om kommunesamanslåing. Det vart med gode grunnar stilt kritiske spørsmål til representativitet i innbyggjarundersøkinga som vart gjennomført i forkant av kommunestyrebehandlinga. I sum klarte den politiske leiinga i gamle Forsand ikkje å gje prosessen tilstrekkeleg demokratisk legitimitet, noko som er sterkt medverkande til at denne saka framleis lever.

Me veit det er vaksne heime

Før påske kunne me også lesa i Stavanger Aftenblad at sandnesordføraren sin kommentar til kommunaldepartementet si handsaming av denne saka, var at han håpa at «det er noen voksne folk hjemme i departementet». Strand Arbeiderparti legg til grunn at det er både flinke og kompetente folk som jobbar med denne saka i departementet, godt i stand til å behandla saka ut frå dei grundige vurderingane som statsforvaltaren i Rogaland har gjort på deira førespurnad.

Som del av oppdraget frå departementet gjennomførte statsforvaltaren i Rogaland sist vinter ei ny innbyggjarundersøking. Her svara 54 % at dei vil til Strand, medan 44 % ville bli verande i Sandnes. Når staten først har stilt innbyggjarane spørsmålet om kva kommunetilknyting dei vil ha for
framtida, er det god politisk kutyme å følgje klare fleirtalsråd frå innbyggjarane når ein gjer vedtak. Strand Arbeiderparti meiner at synspunkta som er framsett av Strand kommune er i tråd med eit sunt og fritt ordskifte. Innspela frå Strand bidreg til meiningsmangfald og får fram gode og viktige
sider som må vurderast av regjeringa når dei snart skal konkludere i saka om grensejustering.
I frie ordskifte og offentlege debattar er meiningsmangfald ein god ting.

Slik Strand Arbeiderparti ser det, bør regjeringa no bruke høvet til å opprette ei sterk kommuneeining i ytre Ryfylke kor Forsand og Strand går saman vidare. Arbeidarpartiet kan sjølvsagt leve godt og lenge med konklusjonane frå Rogaland sin Statsforvaltar i denne saka.