Det bilbaserte kjøpesenteret skal bli endå større. Det er dårleg nytt for byen.
Ørjan Deisz (Arkiv)

Kjøpesentera legg byen aude.

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Dei siste to åra har kjøpesenteret Lagunen omsett for ein halv milliard meir enn før. Veksten krev meir vekst.

No skal senteret utvidast med 15.000 kvadratmeter. Det er berre fem år sidan dei utvida med 50.000 kvadrat. Det nye bygningsarealet blir 165.000 kvadratmeter. Det svarar til seks etasjar med butikkar oppå Smålungeren.

Lagunen er meir enn berre senteret. Tar me med alle butikkane rundt, måtte eit bygg oppå Smålungeren vore på elleve etasjar for å ta unna alle butikkane.

Kjøpesenteret har både bybanestopp og bussterminal. Men det har òg 2200 parkeringsplassar. Det er fleire enn Bygarasjen. Det finst ikkje tvil om at senteret er bilbasert.

Kvar einaste gong Lagunen utvidar, blir det vanskelegare for bydelane i Bergen å få ekte sentrum.

Les hele saken med abonnement