Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Empati har dårlege kår i UNE og UDI

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Noreg har gong etter gong vist at vi har ein innvandrings- og asylpolitikk som ikkje toler møtet med menneske. No skjer det igjen, idet ei 83 år gammal enkje brått og brutalt har fått melding om at ho må forlata Noreg innan 28. desember. Og reisa til Japan.

Sonen vår har japansk kjærast og er i Tokyo i lag med henne. Det har slett ikkje vore enkelt for dei to gjennom pandemien, men omsider, etter over to og eit halvt år, fekk dei møtast igjen. Kjærleiken, som i fylgje Bibelen toler alt, har igjen tolt, om ikkje alt, så i alle fall svært mykje.

Til jul og nyår kjem dei til Bergen. Det gler vi oss alle til. Så får vi sjå koss ting kan ordna seg for dei etter kvart. Dei og vi har god tru.

God tru har ho nok hatt, 83 år gamle Takako Ellefsen, opphaveleg frå Japan også. I 1964 gifte ho seg med nordmannen Karsten Ellefsen. Dei fekk fire born: Klara, Kjell, Jakob og Erik, alle norske statsborgarar. Og med norske namn.

Karsten Ellefsen arbeidde i norsk utanriksfart og så lenge i Det Norske Veritas, etter kvart som direktør for Hong Kong-kontoret. Han var i norsk teneste over store delar av verda.

Takako var med overalt og hjelpte mannen sin. Ho har ved fleire høve vore vertinne for den norske kongefamilien, skreiv forfattaren Arnt Olav Klippenberg i VG nyleg. Verda var arbeidsstaden til ekteparet Ellefsen. Difor har altså Takako budd for lite i Noreg til å få opphald!

Etter at husbonden vart pensjonist, reiste dei heim til Noreg i 2009. Året etter fekk han kreft og døydde. Dei var gifte i 46 år. Mannen ligg gravlagd ved Revheim kyrkje i Stavanger. Enkja vil bu i Stanger dei åra ho har att å leva – og gravleggjast saman med mannen sin når den tid kjem. Ho bur hos dottera i leiligheit i Stavanger.

Takako Ellefsen har ikkje tenkt å vera til bry for Noreg. Pensjon mottek ho frå Det Norske Veritas. Resten tek dottera Klara seg av. Det er ingenting for UDI og UNE å laga seg suter av. Men det gjer dei sjølvsagt. Eg har arbeidd med norsk asylpolitikk i tredve år, er det vel, og eg sluttar aldri å undra meg over kor nitidige utlendingestyresmaktene er i møte med sakeslause menneske.

Ja, eg veit godt at det er regjering og Storting som legg rammene for UDI og UNE sitt arbeid. Men når sant skal seiast, har eg opplevd meir enn ein gong at UDI og UNE aldeles ikkje tolkar noko premiss i romsleg lei. Ikkje i romsleg lei. Men tvert om – ja. Gong etter gong.

Humaniteten har dårlege kår i UNE og UDI. Empati og hjartelag likeeins. Og kom ikkje og fortel at eg er ein naiv romantikar som ikkje aksepterer at Noreg må ha både ein asylpolitikk og ein innvadringspolitikk.

Det kan hende eg er naiv i mykje, eg, men slett ikkje når det kjem til utlendingepolitikken Noreg held seg med! Til det har eg røynt for mykje. Og berre så det er sagt: Av alle einskildsaker eg har engasjert meg i i humanitetens teneste, har dei det gjeld alltid fått opphald. Minus ei – og ho reiste til Frankrike og fekk opphald der, så den saka tel vel strengt teke ikkje.

Dessutan er ikkje saka til Takako Ellefsen asylpolitikk. Ho skal sjølvsagt ikkje søkja asyl, ho som har vore gift med ein nordmann i fleire tiår og har fire born med norsk statsborgarskap. Og ho har altså tent Noreg jamsides mannen sin i fleire tiår, i halve verda eller så.

Eg har arbeidd med norsk asylpolitikk i tredve år, er det vel, og eg sluttar aldri å undra meg over kor nitidige utlendingestyresmaktene er i møte med sakeslause menneske.

Oddny Miljeteig

Det dubbelt syrgjelege for enkja Takako er at mannen døydde for tidleg til at ho matematisk hadde budd mange år nok i Noreg til å få innvilga det opphaldskortet ho har søkt på. Tenk det. Ho som fylgde den norske ektemannen rundt om i verda og hjelpte han i tenesta for Veritas og Noreg.

No skuldar UDI og UNE på at sjukeforsikringa hennar ikkje er god nok. Den same forsikrinnga var god nok for Spania, der ho budde i fleire år saman med dotter si – men ikkje for Noreg med dei nitidige utlendingestyresmaktene.

83 år gamle Takako Ellefsen skal kastast ut or Noreg. Fjerde juledag, om ho ikkje reiser ut sjølv. Ho kan ikkje klaga på utkastingsvedtaket. Men finst det då ikkje fornuft og rettferd hos norske asylstyresmakter? Eg veit då sanneleg min hatt.

I statsbudsjettforhandlingane med regjeringspartia fekk SV gjennom at menneske som har site meir enn 5 år i kyrkjeasyl, dei skal få opphald i Noreg. Det gjeld visst einast ein familie – som har vore åtte år i kyrkjeasyl. Det må då vera tett på tortur!

Slik Noreg så langt har behandla denne 83 år gamle enkja, finn eg knapt ord for. Eg skal ikkje seia at eg aldri har sett det verre i utlendingepolitikken, for eg har sett det meste, trur eg. Men at Takako Ellefsen vert behandla tvert imot humanisme og folks rettferdskjensle, det er sikkert og visst.

Norsk utlendingepolitikk tryner i møte med menneske. Det er til å grina blod av. Finst det ikkje nokon heime i regjeringa som kan setja skåpet på plass i adventsmånaden? For ei 83 år gammal kvinne som ikkje har gjort noko gale? Det finst ikkje tilgjeving for ikkje å ordna det slik at ho får bu der grava til mannen er og at ho får kvila ved sida hans når så langt kjem. Jula kan ikkje senka seg over Noreg utan at denne kvinna får tryggleik og rettferd.