Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

– Er det så krise at me kjem til å fryse i vinter?

Treng du å oppdatere deg på straumprisane? Dette er episoden for deg.

Publisert Publisert

For mindre enn 20 minutter siden

Haustens store verkebyll og samtaletema er dei høge straumprisane. Og i den første episoden av «Nokon må gå» etter sommaren, tek me dette på alvor og vier nesten heile episoden til straum.

Kommentator Hans Mjelva er henta inn som forsterking, og forklarar kvifor prisen er så høg, om straumeksport og straumstøtte.

.css-u06ts1{object-fit:contain;}
Politisk redaktør Eirin Eikefjord saman med kommentatorane Hans Mjelva og Gerd Tjeldflåt. Foto: Vegar Valde

Saka har også stor politisk sprengkraft, og ulike parti speler svært ulike roller. Kommentator Gerd Tjeldflåt og politisk redaktør Eirin Eikefjord diskuterer korleis dette kan spele seg ut

Vekas «Å Vestland» handlar om det elendige sommarvêret på Vestlandet. Er det også her mogeleg å be om krisepakke frå staten?

Høyr meir godt lydinnhald i BT-appen (trykk på Podkast-knappen nedst i appen). Last ned BT-appen her.

Du finn også denne podkast-serien på Podme. BT-abonnentar kan aktivere tilgang til Podme her.