Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Faurefjells magiske natur kan ikkje vekslast inn i vindkraftpengar!

DEBATT: Kjære folkevalde i Bjerkreim, naturen rundt Faurefjell er kjelde til magiske opplevingar. La også menneske i framtida få oppleva dette. Bruk tilliten de har fått frå innbyggarane til å ta vare på naturen!

Dei folkevalde i Bjerkreim bør gi komande generasjonar høve til å oppleva Faurefjells magiske natur utan vindturbinar, skriv innsendaren. Foto: Tommy Ellingsen / Stavanger Aftenblad

Debattinnlegg

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Naturen i Bjerkreim har gitt meg og mange andre rike opplevingar, det er helsebringande å få ferdast i så å seia urørte område. Det gir rom for ettertanke, det medverkar til ro i sjela og sinnet. Det gir ei kjensle av at vi er små i dette store universet, som vi ei kort tid er ein del av.

Ei mektig oppleving

Noko av dette kjende eg særleg sterkt på ved slutten av pinsehelga: I kveldinga sat eg ved Storavatnet, tankane fekk sviva. Syns- og høyrselsinntrykk strøymde inn: Småaurane vaka og snappa i seg insekt over det blikstille vatnet, strandsnipene var framleis aktive, i stor fart flaug dei lågt etter kvarandre, som regel to og to.

Sola gjekk etter kvart ned bak fjella, fargane på himmelen endra seg, dei vart raudlege og dette spegla seg i vatnet. Det same gjorde fjella. Det vart ei magisk, ja, nesten overjordisk, oppleving å få sitja stilt og vera tilskodar, og medopplevar, til ei slik mektig framsyning frå naturen.

Slik har naturen vore her i hundrevis, ja, tusenvis, av år. Slik har også eg fått oppleva han mange gonger gjennom dei tiåra eg har fått bu her. Eg er så takksam for det, slike opplevingar er så verdfulle, og eg unner så inderleg at andre også skal få leva i slike stunder. Dei kan ikkje verdsetjast nok, tykkjer eg.

Alt kan ikkje bli til pengar

Naturopplevingane kan på ingen måte målast i pengar eller vekslast inn. Men, så er det nettopp det som er faren no: Dersom fleirtalet av dei folkevalde i Bjerkreim vedtek at det i dette område faktisk skal byggjast vindturbinar, ja, då kjem det ikkje lenger til å vera mogeleg å ha slike opplevingar som eg hadde.

I synsranda vil det då koma vindturbinar med rotorblad som stadig sviv, i tillegg har dei lys som blinkar støtt. Verken menneske eller andre levande vesen vil etter dette få den opplevinga det er når berre naturen har sine eigne lydar, og sitt eige lys. Kjensla av den store naturverda som har vore her i uminnelege tider, er riven vekk frå oss, og vi vert fattigare menneske. 

Derfor bed eg dykk folkevalde:

Det trengst eit naturleg Faurefjell. For oss, og for komande generasjonar.

I kveldinga sat eg ved Storavatnet, tankane fekk sviva. Syns- og høyrselsinntrykk strøymde inn: Småaurane vaka og snappa i seg insekt over det blikstille vatnet, strandsnipene var framleis aktive, i stor fart flaug dei lågt etter kvarandre, som regel to og to.