Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

– Folkehøgskular er ikkje tull

Folkehøgskular er ikkje tull, sjølv om Unge Høgre aldri tar seg bryet med å finna ut kva folkehøgskular er.

Folkehøgskulane gir auka livsgnist, nye venner og mykje læring, meiner Geir Angeltveit. Foto: Privat
Publisert Publisert

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I eit lesarbrev laurdag oppmodar Unge Høgres Knut Visdal å avskjere folkehøgskulane frå det øvrige utdanningssystemet i Noreg, ved å fjerna det han kallar «tullepoeng», tilleggspoeng studentane får etter gjennomført skuleår på ein av landets folkehøgskular.

Les også

Innlegget han svarar på: «Fjern tullepoengene!»

Folkehøgskulane er eit unikt skandinavisk skuleslag som i nær 180 år har bringa ungdom og unge vaksne frå by og bygd til eit felles internatskuleår med fokus på personleg utvikling, allmenndanning, folkeopplysing, demokrati og lærelyst.

Kvart år straumar rundt tolv prosent av eit årskull til skulane. Etter eit år sit dei igjen med auka livsgnist, nye venner og perspektiv på livet, og eit år med mykje læring. Under Solberg-regjeringa vart det oppretta fire nye folkehøgskular, mellom anna folkehøgskulen på Stord.

Tidvis kjem det utspel frå særskild Unge Høgre og FpU/Frp som snakkar ned folkehøgskulane.

Eg vil oppmoda Visdal om å ta bussen frå NHH til Åsane eller Fana folkehøgskule (eller ein av dei 14 andre folkehøgskulane i fylket, frå Sogndal til Stord), samtala med rektorar og stab om det viktige arbeidet som vert gjort, den samfunnsøkonomiske gevinsten dei gir, og ikkje minst læringa elevane sit att med.

Snart ønsker landets 84 folkehøgskular nye studentar velkomne til eit unikt år med venner, opplevingar og læring for livet. Det gir to formelle opptakspoeng, og fort eit av dei viktigaste åra i livet. Har du nokon som er usikre på kva dei skal til hausten, er det framleis mogeleg å søka.