Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Priskrigen på mat kan slå tilbake på forbrukarane

Når Kiwi får kjøpe varene billigare enn Rema og Coop, risikerer vi å ende opp med ein einaste leverandør av daglegvarer.

Konkurransen i daglegvaremarknaden er allereie for dårleg i Noreg. Det siste ein treng er at Norgesgruppen blir endå meir dominerande, skriv BT på leiarplass. Foto: Alice Bratshaug
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det har brote ut priskrig mellom dei store daglegvarekjedene. I utgangspunktet er det glimrande for alle kundar. Men krigen kan gje eit resultat på sikt som ikkje er så gunstig: at berre ein kjede blir ståande att.

Utgangspunktet for krigen er det merkelege systemet der leverandørane til butikkane berre kan justere prisane ein gong i året. I år hadde dei varsla ein solid prisauke frå 1. februar, på grunn av auka utgifter til straum, transport og råvarer.

Normalt vil daglegvarekjedene føre kostnadene vidare over på kundane, men ei av billigkjedene, Kiwi, varsla at dei ville halde prisane uendra. Det gjekk berre nokre timar før Rema 1000 og Coop Extra vart nøydde til å følgje etter.

På kort sikt er dette ein siger for forbrukarane. Men når marginane til Coop berre var 2,9 prosent i 2021, seier det seg sjølv at dei truleg går med tap når innkjøpsprisane aukar med 8–10 prosent. Det går ikkje i lengda.

Norgesgruppen, som eig Kiwi, Meny og fleire andre kjeder, er langt større enn konkurrentane. Dei får difor betre prisar frå produsentane. I 2020 var rabatten på 15 prosent, ifølgje Konkurransetilsynet.

Professor Bent Sofus Tranøy, som sat i det regjeringsoppnemnde matvareutvalet i 2011, fryktar at Norgesgruppen no brukar denne makta til å utkonkurrere Rema og Coop.

Til no har Norgesgruppen ikkje gjort dette, truleg fordi dei forstår at dei vil bli straffa av Konkurransetilsynet om dei utkonkurrerer dei andre.

Difor er «prisfrysen» til Kiwi eit urovekkande teikn. Konkurransen i daglegvaremarknaden er allereie for dårleg i Noreg. Det siste ein treng er at Norgesgruppen blir endå meir dominerande.

Held Norgesgruppen seg i skinnet, er det lite Konkurransetilsynet kan gjere. Men då vil heller ikkje prisane bli lågare.

Skal det skje må ein truleg mjuke opp importvernet på matvarer, som Konkurransetilsynet har teke til orde for.

Utfordringa er at det kan truge norsk landbruk og sjølvforsyning.

Det er gode grunnar til å verne om landbruket. Men utan ei oppmjuking må forbrukarane akseptere at prisane blir verande høgare enn i våre naboland.