Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

– Skal Noreg arrangere OL, må det gjerast på dette viset

Noreg kan stå att som ein vinnar på fleire arenaer enn den sportslege.

Bjørn Dæhlie heiast fram til gull på 15 km jaktstart under OL på Lillehammer i 1994. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Publisert Publisert

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ikkje før me har gløymt at OL er eit gigantomaniske pengesluk, og kor korrupte pampane i IOC er, så fortel VG 20. mai at det no er nye forslag om å arrangere OL i Noreg.

Ein gong var OL det ultimate sportsuttrykket. Eg hugsar enno spaninga frå vinter-OL 1972 då Erik Håker leia storslalåmrennet etter første omgang, og vonløysa over at alt gjekk tapt med fall i andre. Eg var åtte og eit halvt år den gongen og godt vaksen då «the best olympics ever» blei avvikla på Lillehammer i 1994.

Sidan har norske utøvarar dominert og antidemokratiske aktørar stadig oftare dirigert. Denne utviklinga ber preg av at det er umogeleg å lage eit berekraftig OL, men akkurat derfor skal Noreg søkje.

«Krava me skal stille til IOC og oss sjølv, er at OL blir arrangert etter sirkulærøkonomiske prinsipp», skriv Kjell Magne Fagerbakke. Foto: Privat

Festivitas skal vere ein viktig del av eit berekraftig og livskraftig samfunn. Lillehammer-94 og Oslo i 1952 var begge folkefestar som landet treng med jamne mellomrom.

Det er ei heilt anna verkelegheit som møter oss om åtte år. Krava me skal stille til IOC og oss sjølv, er at OL blir arrangert etter sirkulærøkonomiske prinsipp, og gjerne bruke dei fire linsene frå Kate Raworth smultringmodell i planlegging og utføring.

Noreg skrik etter prosjekt som kan stå fram som døme på korleis ein sikrar lokal og global økologi eller sosiale standardar. OL kan bli det løftet me treng for å demonstrere krafta i klima- og arealnøytral planlegging og utforming.

Denne modellen, utvikla av Kate Rawoth, kan gjere vere førande for arbeidet dersom Noreg skal arrange OL, meiner innsendaren. Illustrasjon: Doughnut economics/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Førre søknadsprosess kosta fleire hundre millionar kroner. Om dei hadde vore brukt på å utvikle malar for ei sirkulærøkonomisk avvikling, ville pengane vore ein del av eit grønt skifte, og uansett vore ei utgift me skal ta for å sikre ei berekraftig utvikling mot 2030.

Utan å ta hevd på sosiale og økologiske forbetringar, er det vanskeleg å finne argument for å søkje OL i 2030. Men med gjenbruk, ombruk, restaurering og redesign vil OL kunna bli eit utstillingsvindauget som både Noreg og idretten ville vere stolte av.

Me skal ikkje etterkome krav frå IOC, men setje heilt klare føringar for kva rammer dei skal følgje. Blir det ikkje OL i Noreg i 2030, er det eit større tap for IOC enn for Noreg.

At Noreg leiar etter første omgang med våre bragder i vinteridretten, er udiskuterbart. Kan me halde kostnadar og materialbruk «på beina» heilt til mål, vil OL vise seg som den ambassadøren mellom menneske som den opphavlege olympiske idé hadde i seg, og Noreg kan stå att som ein vinnar på fleire arenaer enn den sportslege.