Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

– Tunnel nord i Åsane må inn på lista

Det kan vere lurt å sjå til dei prosjekta som har størst nytte for innbyggjarane.

Vegen mellom Vågsbotn og Klauvaneset er ikkje tilpassa dagens trafikk, meiner innsendarane. Foto: Bjørn Erik Larsen (arkiv)
Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Ein NTNU-rapport frå 2019 viser at svenske politikarar i mykje større grad bruker hovudet og vektlegg objektive kriterium når dei skal velje samferdsleprosjekt. Dei vel også oftare enn norske politikarar prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame.

Det er likevel mogeleg å gjere noko med det, og eit av dei norske vegprosjekta som kan bidra positivt til nyttestatistikken, er også eit av prosjekta som står i fare for å bli skubba på. Tunnelen mellom Klauvaneset og Vågsbotn har i motsetning til mange andre prosjekt ikkje ein negativ nytteverdi for samfunnet.

Det er i Noreg ikkje veldig mange vegprosjekt som kan skryte på seg å vere samfunnsøkonomiske lønsame. Og sjølv om samfunnsnytte lett kan bli eit abstrakt og teoretisk omgrep, er det heilt naudsynt for at det offentlege skal kunne forvalte innbyggjarane sine pengar på ein klok og rettferdig måte.

Vegstrekninga mellom Vågsbotn og Klauvaneset er fyrste byggetrinn i Ringveg øst. Illustrasjon: Bård Bøe

Dette blir særleg viktig når det økonomiske handlingsrommet i Nasjonal transportplan (NTP) er varsla å bli trongare. Då må samtidig statlege mynde evne å prioritere det som er viktigast. Vegstrekninga mellom Vågsbotn og Klauvaneset er eit slikt eksempel på noko som bør prioriterast, og strekninga har betydeleg høgare samfunnsnytte enn mange andre prosjekt som er inne i gjeldande NTP.

For sjølv om samfunnsnytte er eit teoretisk omgrep, handlar det i botn og grunn om det handgripelege som påverkar vanlege folk. Ikkje minst handlar det om reisetid for pendlarar og næringsliv, klimagassutslepp, trafikksikring, tryggleik og føreseielegheit for innbyggjarane.

KrF-politikarane Jon Olav Økland og Astrid Aarhus Byrknes meiner vi må gjere som svenskane i samferdslepolitikken. Foto: Ole Stian Jørgensen / Geir Martin Strande (arkiv)

Utgangspunktet bør difor vere menneska og korleis storsamfunnet legg til rette for gode liv for einskilde, familiar og næringsliv. Heilt i kjernen av dette arbeidet ligg tryggleik. Klarer vi ikkje å prioritere det viktigaste først, gjer vi ein alvorleg feil.

Vi veit at dei klimaendringane – som allereie no er synlege – vil føre til ein auka risiko for flaum og skred. Deler av strekninga er i dag utsett for dette, og ein ny tunnel mellom Vågsbotn og Klauvaneset vil eliminere mykje av denne sårbarheten.

I tillegg er denne vegstrekninga særleg utsett for ulukker. Den tette busettinga langs vegen, med mange direkte avkøyrsler på europavegen, er noko som bidrar til auka utryggleik for reisande og dei som bur der. Mellom 2010 og 2019 har det vore heile 51 bil-, MC- og fotgjengarulukker på strekninga.

Ein annan tungtvegande grunn for behovet for prioriteringa av Nordhordlandstunnelen er spart reisetid for tusenvis av pendlarar. Vegen er ikkje tilpassa dagens trafikk, og det er i gjennomsnitt 20.000 køyretøy som passerer strekninga kvar einaste dag. For bedrifter, næringsliv og nyttetransport vil ny tunnel sikre kortare reise- og ventetid. For familiane handlar dette om spart tid som i staden kan brukast heime, som trener på fotballaget eller som frivillig i kulturtilbodet.

Samferdslepolitikk handlar til sjuande og sist om prioriteringa av det viktigaste: menneske som reiser til, frå og i jobb, studiar og fritidsaktivitetar. Når det økonomiske handlingsrommet blir trongare, kan det vere lurt å sjå til dei prosjekta som har størst nytte for innbyggjarane. Difor må vegen mellom Klauvaneset og Vågsbotn inn på prioriteringslista.