Norway

At opne kontorlandskap er bra, er ein seig myte

MeningerOpne kontorlandskap er ikkje eit nytt fenomen. Dei tidlause argumenta handla om at fleksibiliteten ville auka, lettare endringar i organisasjonsstruktur og –storleik. Kommunikasjon og produktivitet ville verte betre, og dessuten kostnadene ville verte redusert monaleg samanlikna med tradisjonelle kontorløysingar.

Førsteamanuensis Knut Inge Fostervold, er ein forskar på mellom anna opne kontorlandskap ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo. Han oppsummerte for om lag ti år sidan resultata av dei siste årenes internasjonale forskning på kontorlandskap slik: «Det er unisont negativt. Det er vanskelig å finne positive effekter på trivsel, produktivitet eller økt samarbeid blant arbeidstakerne».

Dette er i tråd med seinare forskning. «Resultater fra den vitenskapelige litteraturen viser at de [arbeidstakerne] i stor grad opplever dårligere arbeidsmiljø, mer stress og slitenhet, mindre produktivitet, dårligere helse og får økt sykefravær. Det er ikke vist at flekskontor kan oppfylle krav til arbeidsmiljø for kognitivt utfordrende og konsentrasjonskrevende arbeid med krav til korttidshukommelse.»

Studien, som var gjennomført ved Universitetet i Sydney, viste at rundt halvparten av alle som jobber i opne kontorlandskap var plaga av støy. Studien slo beina under ideen om at opne kontorlandskap førte til betre samspel mellom tilsette. Opne kontorlandskap kan derimot gje lågare motivasjon, du held mindre ut, med auka stress og blodtrykk.

Arkitekturen som ligg til grunn for opne kontorlandskap har opplagt ikkje tenkt på spreiing av virus. Det er tvillaust at virussmitte er monaleg høgare i opne kontorlandskap, kor tilsette sit tett på kvarandre. Morten Birkeland Nielsen med fleire gjennomførte ei omfattande studie blant over 6000 kontortilsette. «De som deler kontor eller jobber i åpent kontorlandskap har henholdsvis 18 og 12 prosent høyere risiko for sykemelding enn de som sitter på kontor alene.» Ein viktig årsak er korleis virus oppfører seg. Det er meir smitte når ein sit saman.

Nokre av oss er vare for støy. Dei som sit i opne kontorlandskap har nesten dobbel så høgt sannsyn for å bli uføretrygda, samanlikna med to tilsette som sit på eige kontor. «Dette er oppsiktsvekkende», seier professor og forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt, Morten Birkeland Nielsen.

Det har vore hevda at opne kontorlandskap krev færre rutemeter, og syt for at ein kan spare husleige. Men er dette sikkert? Kva med auka sjukefråvær? Det er dyrt det.

Som både tidlegare tillitsvald og verneombod veit eg mykje om feil val av kontorløysingar, dårlege prosessar, der det meste er bestemt tidleg, på tvers av kunnskap. Det er no på tide med eit brigde. Å velje kontorløysingar som ikkje redusera effektiviteten og ikkje aukar sjukefråværet og faren for uføretrygd.

Football news:

Milan is Interested in Torreira. Arsenal are ready to sell the midfielder
Lineker on bale: People have no idea what's really going on with one of the best players of our time
Lionel Messi: Aduriz will be missed by everyone in La Liga. He's a Bombardier
Shakespeare became an assistant coach at Aston Villa
In England, the stadium can be closed to spectators for racism. Players will be disqualified for 6-12 matches for discrimination
Hans-Dieter flick: I will Understand if Tiago wants to play in the Premier League
Kike Of Setian: I didn't think that the match with Napoli could be my last in charge of Barca