Snart flyttar Kvinneklinikken til nye lokale. Flyttinga har ført til ein krangel om smertelindring.
Tuva Åserud (Arkiv)

Profesjonskamp og dårleg kommunikasjon går berre utover dei fødande.

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Skal fødande kvinner måtte vente i fleire timar på smertelindring, berre fordi smerta deira ikkje passa inn i tidsskjemaet til legen? Det er debatten som har blussa opp etter at nye retningsliner for epidural på nattetid vart sendt ut.

Epidural er den mest brukte bedøvinga for fødande kvinner. Ifølgje dei nye retningslinene på Kvinneklinikken skal epidural planleggast til faste tidspunkt om natta: midnatt, klokka 03.00 og klokka 06.00.

Jordmødrene er i harnisk. Hanne Charlotte Schjelderup er leiar i Jordmorforbundet NSF. Ho seier til BT at «fødende risikerer å vente i tre timer på smertelindring».

På den andre sida står leiinga på KK, anestesilegane og gynekologane. Dei meiner at reglane ikkje er så firkanta.

I midten ligg fødekvinna.

Innstramminga kjem fordi Kvinneklinikken snart skal flytte, og då vert dei fødande spreidd over eit litt større område.

Det har avdekka ein profesjonskamp om smertelindring, som er eit svært viktig tema for mange fødande.

Les hele saken med abonnement