Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Her høyrer dei promo for «O»

Gløym Vy. Her er O.

Vekas store snakkis i Bergen er namnet på det nye akvariet: O. Eller, kan eigentleg ein bokstav vere eit namn?

Den debatten tek sjølvsagt kommentatorane Anne Rokkan, Gerd Tjeldflåt og kulturredaktør Jens Kihl i denne vekas «Nokon må gå».

– Eit nytt nivå av idioti, er den nokså sameinte konklusjonen frå Tjeldflåt og Kihl.

Sidan sist har også næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) kasta nesten heile styret i investeringsselskapet Argentum. I vekas episode gir Rokkan ei oppsummering av alt som har ført fram til dette.

Når jordbruksoppgjeret blir vedteke neste veke, er det ikkje utan innvendingar. Høgre vil ikkje at matprisane skal aukast. Det er ei lissepassing til Senterpartiet, meiner Kihl.

Høyr meir godt lydinnhald i BT-appen (trykk på Podkast-knappen nedst i appen). Last ned BT-appen her.

Du finn også denne podkast-serien på Podme. BT-abonnentar kan aktivere tilgang til Podme her.