Norway

Kva har vi lært av vindmøllepolitikken?

VINDKRAFT: Vindmøller i Norge er eit resultat av grøne sertifikat. SV og Senterpartiet fekk dei inn då dei skipa regjering saman med Arbeiderpartiet i 2005. Jens Stoltenberg kjempa mot. Han vurderte grøne sertifikat som eit subsidiesluk, der urørt natur vart øydelagd av ulønsam kraftutbygging.

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

.css-1qhdkip{position:absolute;z-index:1;width:100%;height:100%;top:0;left:0;object-fit:cover;object-fit:contain;}

Alt tyder på at vi kan ta oss god tid til å formulera krav til vindkraft før nye konsesjonar eventuelt vert gitt, skriv Njål Kolbeinstveit. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

Njål Kolbeinstveit Foto: Rune Vandvik

Mot dette stod dei to samarbeidspartane som skulle visa handlekraft i klimapolitikken.

Demokratiet har tapt

I dag kan konklusjonen bli at politikarar i flokk-utan langsiktig tenking - har gjort det Stoltenberg åtvara mot, og dessutan skada vindkrafta sitt omdømme.

Vindkraft har dessutan underminert lønsemda i småkraftverk som vart bygde før sertifikata kom, og redusert verdien av norske vasskraftverk vesentleg. Målet om god resursutnytting er skada. Soga om vindmøllepolitikken handlar om sterk subsidiering og klimaforkjemparar som heiagjeng. Dette utløyste krefter som det politiske systemet ikkje rådde med. Den største taparen er demokratiet.

Korleis skal vi hindra at sakkunnskap blir stemt ned og skadar samfunnet ?
Skal klimautfordringa bli teken på alvor, bør vi ta lærdom av soga om vindmøllene. Ho kan gjera oss klokare, om enn ikkje rikare.

Varme hjarte, kalde hovud

Skal varme hjarte tena til noko godt, trengst det kalde hovud. Mykje tyder på eit politisk omskifte. Gamle styringsparti som Ap slit i motbakke. Internt kan generasjons-konflikten koma tydlegare fram enn før.

Politikkutforming basert på solid kunnskap kan vera avgjerande om vi skal ta vare på Norge som eit av verdas beste land å bu i. Sviktar dette, kan det bli vanskelegare å få støtte til ein forsvarleg klimapolitikk. Solid økonomisk framtid og forsvarleg klimapolitikk er gjensidig avhengige av kvarandre. Politikarane skal avgjera. Fagfolka må syta for at sakkunnskapen kjem fram.

Begge partane må visa einannan respekt, elles vil vi lett enda opp med resultat som den politiske plattforma i 2005. Blir ikkje klimautfordringa teken på alvor av styringsparti, kan eit saksparti med markeringsbehov, svekka evna til å føra ein politikk der ulike mål lar seg foreina.

Strenge krav som motivasjon

Strenge miljøkrav kan motivera til å utvikla ny teknologi som tek omsyn til krav frå samfunnet. Marknaden kan nyttast til å få fram dei energiformene som tener samfunnet best. Politikken må difor konsentrera seg om å gi rette signal gjennom rammevilkår for ulike energiformer.

Kva energiform som vil vera best i framtida lar seg ikkje avgjera i ei offentleg utgreiing. Overdriven vindkraftutbygging har gjort at vidare utbygging i Norge ikkje er lønsamt med mindre eksport kan gi høg nok pris. Vasskrafta medfører at vi betre enn andre kan dra nytte av vindkraft. Det tilseier at vi ikkje skal avskriva den kategorisk.

Erfaring kan visa at det er nødvendig å vera open når det skjer store endringar. Vindmøller i andre land kan bli meir til nytte dersom vi leverer elektrisitet når møllene står stille. Klimapolitikken krev internasjonalt samarbeid. Treng andre land energi frå oss for å nå klimamål, skal dei betala godt, då også for bruk av naturen. Det var Stoltenberg sitt syn då han gjekk mot grøne sertifikat. Den tenkjemåten held vatn framleis.

Bruk tid på nye krav

Stortingsmeldinga viser at grøne sertifikat og kort avskrivingstid for investeringar i vindkraft nå vert avvikla. Meldinga peikar dermed i rett lei. Alt tyder på at vi kan ta oss god tid til å formulera krav til vindkraft før nye konsesjonar eventuelt vert gitt. Å legga til rette for politiske kompromiss i sentrale politiske saker, kan - nå som før - vera ein føresetnad for å ta vare på demokratiet og skapa ei god framtid.

Football news:

Zidane about 3:2 with Betis: real can get better and will. A difficult game, but we believed in winning until the end
Dest said goodbye to the Ajax players and will fly to Barcelona today (Gerard Romero)
Vidal made his debut for Inter in the match against Fiorentina
Barcelona will only consider Zinchenko if Firpo leaves
The referee after VAR for a foul on Jovic removed defender Betis Emerson
Lampard replaced Kepu, but got 0-3 from West Brom in the first half. Then Chelsea got together and gave a comeback of the weekend: only the pupils scored
Arsenal are ready to offer 40+10 million euros to Lyon for Aouar