Norway

Mann kjøper sko

Kommentar
Kommentarartiklene i BT blir skrevet av avisens redaktører og kommentatorer. Skribentene har stor frihet til å gi uttrykk for egne meninger. Noen ganger avviker disse fra BTs offisielle syn, som fremmes i lederartiklene.

Publisert Publisert

Nå nettopp

Foto: Rune Meyer Berentsen (arkiv)

Kvinne seier: I dag kjøper vi nye sko til deg.

Mann seier: Ok.

Mann har sko. Skeivtrakka sko. Dei er ikkje utslitne. Sett ovanfrå er dei greie nok. Mann kjem seg fram på dei skoa han har. Av og til har han tenkt at han kanskje burde skaffa seg nye sko. Når han går forbi ein skobutikk med 40 prosent prisavslag tenkjer han stundom at han kunne gått inn og kjøpt nye sko. Så tenkjer han at han kan gjera det ein annan gong.

Når kvinne seier til mann at i dag kjøper vi nye sko til deg, veit han at tida er inne. Han blir ikkje lenger sint når kvinne seier til mann at i dag kjøper vi nye sko til deg. Når mann blir gammal, har han lært at om han ikkje gjer som kvinne seier, kjem han til å gå i grava på skeive sko. Mor hans er død for lenge sidan.

Mann går etter kvinne når kvinne går inn i skobutikk. Kvinne tek opp ein sko og viser den til mann. Mann seier nei. Men han seier nei på ein annan måte når kvinne held opp ein sko inne i ein skobutikk enn han gjorde den gongen mor hans framleis levde.

Mann går etter kvinne når kvinne går ut av ein skobutikk og inn i ein annan skobutikk. Kvinne tilkallar ei kvinne som ser ut som ho er tilsett i den andre skobutikken. To kvinner samlar seg om ein sko som dei held opp for ansiktet til mann. Mann seier ikkje nei. Han seier ikkje ja, heller. Mann seier ok. Mann er gammal nok og klok nok til å meistra resignasjonens kunst.

Mann tek av seg skeivgåtte sko. Mann trør ned i nye sko og spankulerer ikring inne i skobutikk. Mann betaler, utan avslag, utan å spørja etter pris.

Mann går etter kvinne som går ut av skobutikk.

Mann har kjøpt seg nye sko.

Football news:

Carragher on de Bruyne: Next after Messi and Ronaldo. This is the best player in the Premier League
Morata arrived in Turin. He goes to Juve on loan
Barcelona wanted to buy Tiago before he moved to Liverpool. Catalans were ready to pay 10 million euros
Pep about 3:1 with Wolverhampton: Sometimes Manchester City enter the season quickly, sometimes they don't. We played well
Kevin de Bruyne: Wolverhampton have caused Manchester City problems before. I am glad that we played well
Stefano Pioli: Milan are confident, can grit their teeth and fight. Zlatan proves that he is a champion
Ibrahimovic on the Bologna double: If I was 20 years younger, I would have scored a couple more. But I'm not old