.css-1qhdkip{position:absolute;z-index:1;width:100%;height:100%;top:0;left:0;object-fit:cover;object-fit:contain;}


MDG vil stoppe vidare utbygging av E 39. Årsaka er at nye E 39 øydelegg for mykje natur. Vern om natur er eit godt argument for partiet. Men MDG gløymer menneskja. Partiet fortel aldri om nye E 39 gjennom Vestfold. Den vegen har spart mange menneskeliv og skada personar. MDG gløymer også å fortelje om strekninga Grimstad-Kristiansand. Denne vegen har redda mange liv og gjort strekninga lett å køyre om vinteren. Ingen trailerar står på tvers og sperrar vegen slik dei gjer kvar vinter mellom Kristiansand og Mandal.

Eg er nå ein eldre mann og har mista desse personane i trafikken: To nære vener, to naboar, to barn til kollegaer, ein tidlegare elev og ikkje minst ein svigerson. I Noreg har trafikken etter 1945 kosta fleire drepne og skada enn alle tap under verdskrigen. Og derfor ønskjer eg alle nye og betre vegar velkomne. Til sjuande og sist er det eit spørsmål om kva som tel mest: Øydelagd natur eller sparde liv. Og MDG har tydeleg gjort sitt val.

Les hele saken med abonnement

Fædrelandsvennen ønsker en god og åpen debatt. Her kan du bidra med din mening.