Norway

Podkast: – Det burde vore mogeleg å forby strippeklubbar her i byen

Høyr siste episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

For mindre enn 40 minutter siden

Få har irritert bergenspolitikarar meir enn strippesjef Geir Carlsen dei siste ti åra. I denne vekas «Nokon må gå» samanfattar me strippeklubbens historie. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

.css-c18eyb{position:relative;overflow:hidden;clear:both;margin-bottom:24px;line-height:1.3em;}

Denne vekas episode startar med ei lita minnemarkering etter at Bergens einaste strippeklubb no har lagt inn årene.

Det betyr også slutten på ei av dei mest betente sakene i bergenspolitikken gjennom ti år.

Det var koronapandemien som til slutt tok knekken på strippeklubben. Mangeårige motstandarar i mellom anna KrF og SV reagerte likevel med jubel.

– Var det litt rart og litt smaklaust å gjere, spør kommentator Morten Myksvoll.

– Dei har jo ønska dette vekk frå jordas overflate i mange år. Det må vere ein del av den politiske debatten som faktisk er lov, meiner kommentator Jens Kihl.

Han tar også til orde for at lokale politikarar burde kunne ha lokale forbod mot strippeklubbar.

– Men kvar skulle du då setje grensa for kva du skal forby, berre fordi du ikkje likar det, spør Gerd Tjeldflåt?

Episoden er også innom FNs tryggingsråd, der Norge no har kapra ein plass, og rotar i fortida til han som kan bli KrFs nye fjes frå Hordaland.

Vekas «Å Vestland» tek den urbergenske debatten: Kva er byens styggaste bygg?

Høyr vekas episode her eller i appen BT Lytt, som du kan laste ned i App Store eller Google Play.

Football news:

Bayer sports Director Feller on Havertz: We agreed that if possible, he could leave this summer
Roma midfielder under has agreed a 5-year contract with Napoli for 3.5 million euros a year
Baros will end his career at the end of the season
Pogba and Brunu were injured when they collided in training. The Bournemouth game is in question (Daily Mail)
Ex-President of Barca Gaspar: Messi has a few more years to be the best player in the world
Morata scored a double for Atletico for the first time since March last year
Rummenigge on Tiago: there have been no Contacts with Liverpool, but he wants something new