Norway
This article was added by the user . TheWorldNews is not responsible for the content of the platform.

Professor med mange dilemma

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er eigentleg berre snakk om nokre linjer som skal skrivast ned på eit ark. Nokre setningar som skal definera korleis det nye byrådet i Bergen skal få til ein omkamp om Bybanen til Åsane.

Utfordringa til Christine Meyer (H) er at ho må vega kvart einaste av desse orda på kryddervekt. Ho står nemleg midt i eit krysspress, som du verkeleg må vera professor i strategi og leiing for å handtera.

Heldigvis for henne er det nettopp er det ho faktisk er. Spørsmålet er om ho òg greier å vera akrobatisk politisk linedansar.

Christine Meyer har nemleg eit utal av måtar ho kan gå på trynet på, avhengig av av kven som vurderer den akrobratiske prestasjonen:

Motstandarane av Bryggen-traseen: Tre av partia Meyer no forhandlar med, gjekk til val på at dei vil ha Bybane til Åsane. Dei er derimot sterke motstandarar av at Bybanen skal gå i sentrumsgatene og langs Bryggen. Det gjeld Senterpartiet og Pensjonistpartiet, men særleg Bergenslisten og Trond Tystad.

Desse partia er tent med å vera ganske pragmatiske med Meyer, så lenge dei får det dei ber om; nemleg ei ny og uavhengig tunnelutgreiing. Gjerne med ei styringsgruppe på bystyresida, som kan kontrollera at utgreiinga artar seg slik dei vil.

Motstandarane av Bybanen: Dei to siste partia Meyer må ha med seg på laget, har eit anna utgangspunkt. Både Framstegspartiet og Industri- og næringspartiet gjekk til val på at dei ikkje ønskjer noko Bybane til Åsane.

Dei er tent med å pusha Christine Meyer meir. Frp og Marte Monstad er nemleg eigentleg i posisjon til å kreva at avtalen utelukkar at Bybanen langs Bryggen skal verta realisert. At det nye fleirtalet satsar alt på ei tunnelutgreiing som ingen anar utfallet av, kan òg vera den beste måten å hindra nokon byggestart i løpet av denne perioden.

For desse partia er det kamelsveljing berre å vera med på eit fleirtal som har eit uttalt mål om å bygga bybane mot nord. Likevel. Er dei for bombastiske, kan Meyer sjå seg om etter andre venner som ikkje vil ha nokon omkamp.

Fagfolka i kommunen: At Meyer går med på kravet om ei ny og «uavhengig» tunnelutgreiing, kan vanskeleg tolkast som noko anna enn ei mistillit til dei som til no har gjort denne jobben for Bergen kommune. Når Frp er tydelege på at utgreiingane som til no er utført er illegitime, er det ei stor utfordring for Meyer og det nye byrådet.

Jobben til det nye byrådet er nemleg å vera leiarane til byråkratiet i kommunen. Å starta med å slå fast at dei tilsette ikkje er flinke nok og ikkje til å stola på, er eit uhyre vanskeleg utgangspunkt for ein ny leiar.

Dette må Meyer ta omsyn til når avtalen skal formulerast. Ein byrådsleiar som hamnar i krig med byråkratiet, er nemleg ei god oppskrift på å mislukkast.

Om Meyer skulle finna på å totalt utelukka Bryggen-alternativet, vil det forsterka denne mistilliten mellom politisk leiing og administrasjon. At mange faktisk ikkje har tillit til utgreiingane, er likevel noko både politikarar og fagfolk må ta på alvor.

Næringslivet: Noko som verkeleg svir i partiet Høgre, er når det vert teikna eit bilde av at partiet ikkje er på lag med næringslivet. Det er jo enkelt og greitt næringslivet dette partiet er til for. At tunge aktørar som NHO, Bergen næringsråd, Eviny og Sparebanken Vest går ut og kritiserer ein omkamp om Bybanen, er nesten ikkje til å leva med for det blå flaggskipet.

Når Nancy Jøssang i konsulentfirmaet Opus spår investeringstørke for nye bustad- og næringsprosjekt, er det på kollisjonskurs med eit Høgre som lova å få fart på byen.

Det hjelper ikkje at sjølvaste Monica Mæland er ein del av denne kritikken. Dette rammar sjølve sjela til partiet. Då hjelper det ikkje så mykje at ein god del mindre næringsaktørar i sentrum heiar på ein omkamp.

Om bygginga av Bybanen faktisk vert utsett, er det mange av dei tunge aktørane i næringslivet som aldri vil tilgje Meyer og Høgre.

Meyer opplever dessutan at hennar eige parti riv og slit i henne i minst tre ulike retningar:

Høgre si bystyregruppe: Det var presset frå Høgre si eiga bystyregruppe som fekk Christine Meyer til å forlata sine utkåra venner i sentrum, og gje seg i kast med forhandlingar om ein bybaneomkamp.

Signalet frå gruppa var klarare og meir kompromisslaust enn Meyer hadde rekna med. At alt anna enn at Høgre fekk byrådsleiaren, ordføraren og eit fleirtal i ryggen trumfa kva løysing ein enda opp med for den fylkeskommunale kollektivløysinga til Åsane.

Programmet Høgre gjekk til val på: Mykje er sagt om kva Høgre eigentleg meiner om Bybanen. Ja, partiet sitt primærstandpunkt var tunnel i sentrum. Samtidig er det eit anna poeng som er vel så sentralt i det lokale partiprogrammet: Høgre vil ha ei langt billegare bybane til Åsane. Det gjer det heile endå meir komplisert for Meyer.

Om ein legg femten år med utgreiingar til grunn, vil det vera langt dyrare å sprenga tunnel, enn å legga traseen på bakkeplan. Med mindre «legitime» utgreiingar finn langt billegare løysingar enn dei «illegitime», endar ein fort opp med dyrare løysingar.

Det finst eit håp om at ei løysing med tunnelboremaskin kan gjera tunnelarbeidet billegare, men det vil kreva heilt andre tunnelalternativ enn dei som til no har vore inne i den kommunale papirmølla.

Sanninga er truleg at det er resten av traseen Meyer må sjå på, om ho faktisk vil ha ned kostnadane. Altså i mellom Sandviken og Åsane. Går ho laus på den, vil alt ta endå lenger tid, og presset frå næringslivet vil berre auka.

Partifellene på fylket: Det finst faktisk høgrepolitikarar som er klare til å bygga mot Åsane. Det er partifellene til Meyer i Vestland fylkeskommune. Frontfigur Silja Ekeland Bjørkly måtte pent finna seg i å driva valkamp utan hjelp frå byen, og har vore endå tydelegare enn bypolitikarane på at Høgre vil ta ansvar for å få bygd bana.

For kollegaane på fylket er det uhyre viktig at Meyer ikkje rører den vedtekne reguleringsplanen, når ho skal i gang med nye utgreiingar. Det er òg viktig at det ikkje vert sendt signal om at Bryggen-løysinga er heilt uaktuell.

På fylket har debattane vore langt mindre polariserte enn i byen. Meyer kan derfor fort gjera jobben veldig vrien for kollegaane i Vestland.

Resten av det politiske miljøet: Reint maktpolitisk kan Christine Meyer velja å gje blaffen i det nye mindretalet i bystyret. I politikken er det nemleg fleirtalet som rår. Likevel er dette ein ganske farleg sport for Meyer. Ho kan nemleg på eit eller anna tidspunkt vera heilt avhengig av dei som ho har sendt på gangen.

Her må me vera litt hypotetiske: Dersom dei nye utgreiingane skulle visa seg å anten vera langt dyrare enn dagens traseval, eller så dårlege kollektivfagleg at det er tvil om fylkeskommunen vil bygga, treng nemleg Christine Meyer ein naudutgang.

Den naudutgangen handlar om å seia farvel til sine nye venner, og gå saman med Venstre, KrF, Ap, MDG, SV og Raudt om å bygga Bybanen til Åsane.

Jo meir Høgre forsurar relasjonen til desse partia, jo vanskelegare vil dette verta.

Garantien frå valkampen: Kvar dag som går utan at det nye byrådet kjem med noko svar på korleis dei vil løysa bybanefloken, kjem eit fotografi til å heimsøka professoren i byrådsleiarstolen. Eit bilde frå riksdekkande fargefjernsyn, der Meyer på tru og ære lova at ho ikkje skulle setta i gang nokon omkamp.

Jo lengre tid det tar før Meyer greier å komma opp med ei alternativ løysing, jo verre vert dette.

Finansiering og Nasjonal transportplan: Det er ikkje mogeleg å bruka mindre enn eit halvt år på å erstatta ein reguleringsplan med ein annan. Slik har me rigga oss i Norge. I dette tilfellet vil det ta lengre tid, fordi det skal gjerast nye utgreiingar og kvalitetssikringar.

Dersom det finst ein viss dose av politisk kløkt i den sittande regjeringa, kan dei i løpet av det neste året bla opp for å få bygd Bybanen til Åsane. Dersom dei gjer det, set dei Christine Meyer i ei alvorleg knipe.

Ho har valet mellom å takka nei til opp mot 30 milliardar samferdslekroner til Bergen, og å kasta dei ho no forhandlar med på dør. I teorien kan til og med fylkeskommunen starta bygginga. Det ligg ein juridisk bindande reguleringsplan og ventar på dei.

Det som kanskje er vel så realistisk er at Bybanen ikkje når opp i konkurranse med andre prosjekt, som faktisk har solid lokal oppslutnad. Då har Bergen rota det skikkeleg til, med Meyer ved roret.

Eige rykte: Det er mange som har stilt spørsmål ved dei strategiske vurderingane til Christine Meyer. Eg vil i staden åtvara mot å undervurdera henne. Ho er nemleg ein leiar som ikkje vert skvetten av at oppgåvene vert krevjande.

Christine Meyer er nemleg ikkje ei du kan hersa med. Då ho var administerande direktør i Statistisk sentralbyrå stod ho midt i ein fagleg og politisk kamp med finansminister Siv Jensen (Frp). Ho stod urokkeleg på sitt, og enda opp med å gå av, i staden for å gje etter for det ho meinte var urimeleg press. Både ho og ektemannen Victor Norman har stått i mang ein storm, men etter litt luftakrobatikk landa på beina.

Som denne gjennomgangen viser, har den påtroppande byrådsleiaren plassert seg i eit nærmast utenkeleg krysspress. Det er eit press som kan verta krevjande å stå i over tid. Om Christine Meyer finn ut at det ikkje er verdt det, kan ho komma til å overlata jobben til nokon andre.

Det er uansett lenge til: No er spørsmålet om professoren greier å laga nokon formuleringar som mange nok kan leva med. Om ikkje kan byrådsforhandlingane i Bergen gå inn i endå ein ny fase.

Enn så lenge, er det Christine Meyer sitt problem.