Men ein gjer seg nokre tankar.
For nokre år sidan var det ikkje alle som hadde råd til å reise med fly. I SAS bygde der seg då opp ein kultur som eg kaller for narreskap. Dei reisande skulle smørast på alle tenkelege måtar; frå eksklusiv servering av mat og drinkar, til i seinare år gullkort og bonuspoeng. Det passa dårleg inn når t.d. Norvegian byrja å flyge billegare.
Så nå har alle, ikkje berre foretningsmenn, råd til å reise med fly. Den konkurransen klarte ikkje SAS å vere med på, for dei hekk fast i gamle mønster.
La meg vere så frekk å seie at der låg ein del svensk stormannsgalskap i dette.
I tillegg kom koronakrisa, som gjorde at mange flyselskap måtte sette flya på bakken. Det vart oppseiingar i SAS. Så kom det ein ryddegut som skulle ordne opp. Han var frå Nederland, Anko van der Werff. Lønn 12,5 mill pluss 5 mill til pensjon. Men han brende seg på den ”skandinaviske modellen”, som gjeld i norsk arbeidsliv.
Då SAS etter oppseiinga av pilotar i hovudselskapet, danna to datterselskap, der dei måtte søke på ny for å få jobb, rann det over for pilotane. I dei selskapa var der andre løns- og arbeidsvilkår. Var det rart det blei bråk? Dei skulle vise moderasjon, medan leiarane som sit med høge lønningar ikkje skulle vere med på dugnaden.
Det er ikkje alltid eg har halde med dei tilsette i slike saker, men i denne settinga har eg vore fullt og heilt på pilotane si side. Og mange med meg.
Så vart det streik, og den gjorde økonomien i SAS endå verre. Nå var det vinn eller forsvinn. Så har det dukka opp nye flyselskap, endå til eit med base i Arendal, nemleg Norse. Gamle trugne Wiederøe held det og gåande.
Streiken blant pilotane vart langvarig og seig. Truleg steile frontar på begge sider. Konsernleiaren var ei medverkande årsak til dette. Streiken vart slutt etter 15 dagar. Ei tid med mange kanselleringar av flyruter, og vanskar for reisande med SAS. Streiken kosta flyselskapet 150 mill pr dag. Og så kjem alt det dei akterutsegla passasjerane skal ha dekka av utgifter.
Det ser ikkje lyst ut. Kan dei skaffe investorar til dette rotne selskapet? Kan SAS leve vidare?
SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no
Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.