13 personar mista livet då eit helikopter styrta aust for øya Turøy i Fjell kommune 29. april 2016.

No meiner produsenten som laga helikopteret at dei veit kva som gjekk gale og håpar å fly igjen i Nordsjøen.

Rotoren losna

Super Puma-helikopteret av typen EC225, produsert av Airbus, var på veg frå Gullfaks B til Bergen med arbeidarar som skulle heim frå Nordsjøen.

Elleve passasjerar og to pilotar var om bord i helikopteret. Alle mista livet som følgje av at rotoren losna og helikopteret gjekk i sjøen.

Havarikommisjonen blei ferdige med å etterforske helikopterstyrten i juli i fjor, og konkluderte i rapporten med at eit trøttheitsbrot i eit tannhjul i girboksen var årsaka til ulukken. Det var partiklar i girboksen som førte til sprekkdanningar i tannhjulet.

No seier produsenten Airbus at dei er sikre på at dei har identifisert den nøyaktige rotårsaka til at ulukka skjedde.

– Den tilleggsanalysen vi har utført på ulykkescenariet går på den særs detaljerte tekniske forklaringa på kva som forårsaka feilen og kva mekanismar som spelte inn, seier pressetalsmann i Airbus Helicopters, Kieran Daly til BT.

TANNHJUL I GIRBOKSEN: Girboksen i helikopteret havarerte etter at eit tannhjul knakk i to på grunn av slitasje. Dette førte til at rotoren losna og helikopteret styrta. Foto: Rune Nielsen

– Den informasjonen har vi formidla vidare til rette instans. Sjølve årsaka til ulukka går fram av Havarikommisjonens rapport.

Daly går ikkje i detaljar på kva dei no har funne ut.

– Trur du denne feilen kan skje igjen?

– Vi har allereie sett i verk betringar av girkassa si styrke. I tillegg er fangst av partiklar i oljen betra som følgje av ein ny magnetisk plugg. Inspeksjonskriterium og utstyr for analyse av desse partiklane er også betra, seier Daly.

Han fortel at ein tannhjul-del er bytta ut med ei anna modell som har vist seg å vere meir pålitelege. Levetidsgrensa for delen er også redusert.

– Det er ei trygg maskin

Super Puma-helikoptera stod lenge på bakken etter ulukka på grunn av flyforbod. Men sjølv om forbodet blei oppheva, stod Statoil fast på dei ikkje kom til å bruke helikopter av denne typen i framtida.

I dag er det Sikorsky-helikopter (S-92) som gjer jobben på norsk sokkel. Pressetalsmann Morten Eek i Equinor seier til BT onsdag at det ikkje er planar om å endre på dette.

– Våre erfaringar er gode med denne modellen. Vi har tillit til den.

Etter at Airbus har gjort fleire sikringstiltak med H225-helikoptera håper selskapet å kunne bruke dei i Nordsjøen igjen.

– I dag har vi 21 Super Puma, 15 av typen H225 og 6 av typen AS332 Mk2, som flyr for olje- og gasselskap i Asia og Latin-Amerika. Men vi ser framleis ein overkapasitet i bransjen med mange ledige helikopter på grunn av mangel på aktivitet. Så i Nordsjøen er det opp til operatørar og olje- og gasselskapa. Vi er klare til å støtte dei når det blir nødvendig, seier Daly i Airbus Helicopters.

– Etter det som skjedde forstår vi at offshore-arbeidarar ikkje ynskjer å fly med H225-helikopter, sjølv om vi meiner det er ei veldig trygg maskin.