Norway

Er heimstaden min mislukka?

MeningerKva er det som gir oss følelsen av å vere heime? Mange ville kanskje sagt at det er sjølve huset som gir menneske følelsen av å vere heime.

Det å ha sin eigen plass kor ein kan trekke seg tilbake i alt stress og mas. Kunne oppleve det at ein har ein trygg plass kor den neste generasjonen kan vekse fram, eller kanskje ein har vakse opp i dette huset sjølv. Kanskje det er alle minna frå denne plassen som gir oss følelsen av å vere heime?

Eg trur det er noko djupare som ligg til grunn for nettopp det å føle seg heime enn sjølve huset og den geografiske plassen.

Mange ville kanskje sagt at det å bu i sentrum med kort veg til butikken og busstopp på trappa er nødvendig for å ha eit godt liv. Slik er det ikkje for alle. Nokon, inkludert meg, vaks opp på bygda.

I Aftenposten for nokre år sidan vart det skrive eit innlegg om livet på bygda. Det blir ikkje presentert som noko positivt. Her står det blant anna at:

«Alt ble riktignok ikke sagt direkte, men jeg skjønte signalene. Snakket du dialekt, var du dum. Hadde du traktorlappen, var du sær. Og et frivillig liv på bygda var det samme som et mislykket liv.»

Mislykka? Er den staden eg kjenner som heimen min mislykka?

Eg vaks opp i ei lita landsbygd prega av småbruk- og dugnadskultur. Her vaks eg opp ganske isolert frå bylivet ilag med familien min og dei næraste naboane våre. Vi dreiv gard kor det alltid var mykje å henga fingrane i, så dagane gjekk relativt fort. Eg var mykje i fjøset kor eg stelte og klappa dyra mens eg heile tida bar på draumen om å bli bonde nett slik som bestefar.

Etter kvart som eg vart eldre deltok eg meir og meir i arbeidet på garden, og dugnadsarbeidet rundt om i bygda. Det førte til at eg vart godt kjent med naboane mine gjennom den felles interessa vi hadde for bygdelivet.

Guten som vart fødd i denne litle bygda vart prega av arbeidslyst og frivilligheit med eit stort smil om munnen, trass i fordommar andre har til bygdelivet.

Eg føler meg heime i den litle bygda kor eg vaks opp. Grunnen til det trur eg er fellesskapet som har møtt meg heilt sidan eg var ein liten gut.

Kjærlighetsbrev til Bergen

Eg tenker at følelsen av å vere heime handlar like mykje om å føle seg verdsett og respektert som det materielle huset og tinga ein har heime. Som forfattaren Peter Egge sa ein gong «Det er bare ett sted som er et virkelig hjem. Og det er der hvor et menneske føler seg helt trygg» («Inde i fjordene», 1920).

Nokon må leite lenge for å finne det dei kan definere som heime, mens andre ikkje treng å leite i det heile tatt, slik som meg. Kanskje det er nettopp derfor nokon flyttar langt og mykje mens andre blir buande i det same huset som dei vart fødde, livet ut.

Eg tenker følelsen av tilhøyrsle har vore ein viktig del av livet mitt, og har vore med å forme meg til den eg er i dag.

Innlegget vart først publisert på framtida.no

Football news:

Gareth bale: I Don't understand why many people are concerned that I play Golf. This perception was created by the media
Kuyt will change his Lawyer in Feyenoord in the summer of 2021
AZ asked UEFA to cancel the KNVB's decision to allocate places in the Champions League from the Netherlands
Bacary Sagna: Arsenal underestimated yourself. We lost in crucial games, perhaps because of the pressure on ourselves
Scotland's Livingston is holding a vote on Twitter about extending the goalkeeper's contract
Ibrahimovic escaped serious injury. The Achilles tendon is not damaged
Allegri is ready to go back to work. PSG and Manchester United were Interested in him