Lina-Marie Ulvestad Halås: Randhav. 135 sider. Cappelen Damm.

I denne debutromanen møter vi ei ung kvinne som flyttar inn i barndomsheimen ein avgrensa periode for å kartlegge eit område for rødlista planter for eit planlagt byggeprosjekt. Det kjem tidleg fram at kvinna hadde ein bror som forsvann og som aldri blei funnen og det verker som denne romanen har det som mål å fortelje om denne broren som er borte.

Romanen skildrar ein liten familie av kvinnelege doers. Mor og vaksen dotter. Samhandlinga mellom dei to har få ord, men er knytta til praktiske oppgåver. Mora pussar opp, grev opp vinterhagen og det blir antyda at den har ligge brakk ei stund. Veldig fint skildra. Det verker som mora er i gang med å kome vidare i livet, kanskje betyr det at ei ny tid kan starte?

Det er allikevel ikkje forholdet mellom mor og dotter som står på spel her, men minnene om broren som ikkje er der meir. Tapet av broren har oppheva tida i barndomsheimen. Som det står på side 6:

“Jeg låser opp, går inn, og det føles som om tidene eksisterer parallelt: Jeg står i vindfanget, jeg er akkurat kommet hjem, og det kan like gjerne være når bror lever som når bror er død. Inne i vindfanget kjenner jeg lukten av huset og tenker: Slik lukter jeg for andre.”

For det er nettopp samansmeltinga av ulike tider, tenkte scenarier som eg les som det viktigaste i denne romanen. Forfattaren blandar inn fortid og notid i eit evig samansurium. Her er draumar og minne om den sjuke broren og av og til så er den sjuke broren der enno, sjølv om vi alle veit han er død.

Romanen skildrar godt det såkalla naturbarnet. Barnet som leikar med tanglopper og lever seg inn i leiken i naturen. Det gir seg nesten litt sjølv at dette barnet blir økolog som vaksen, som kan fortelje om einebær og knølkvalar, oppdage ei død nise og konstatere at dødårsaka er ein propell. Her er apokalyptiske skildringar av å vere åleine etter ei naturkatastrofe. Eget vandrar rundt i øydelagde landskap, i butikkar, av og til med ein hund, av og til åleine. Eg opplever romanen tematiserer klima og korleis dyr og menneske lever saman. Sånn sett er dette ein roman som tar inn temaet unge folk er mest opptekne av: Klima.

Av og til kan desse laga, der notida kastar hovudpersonen tilbake i tid, der hovudpersonen bringer fram sine døde bror, skildringar frå ein tenkt naturkatastrofe gjere at ein ikkje klarer å henge heilt med i handlinga. Eg skjøner at dette er gjort med hensikt men denne teknikken gjer at romanen av og til mister fokus og intensitet. Men slutten er veldig vakker og lovar ei form for forløysing.