Sønn av Synd

Teater/musikal, av og med Unge Spor. Premiere Sola kulturhus 11. januar. Manus og regi: Iren Førland. Musikk: Peder Erga.

Den frivillige organisasjonen Unge Spor gir unge jærbuar mellom 14 og 25 ein sjanse til å driva med musikk, dans og teater. Kvart år presenterer dei - mellom mange andre aktivitetar - ei hovudforestilling, ein musikal. I år feirar dei tiårsjubileum med å setja opp igjen «Sønn av Synd» frå 2012, i ny drakt.

Scenen på Sola kulturhus var fredag kveld - «Sønn av Synd» blir spelt på Sola gjennom helga og på Bryne neste helg - gjort om til eit mafiøst nattklubbmiljø i Chicago under forbodstida. Det går an å kjenna att delar av sceneoppsettet frå fjorårets «Tinsel Town», men alt dette lagar altså dei jærske teaterentusiastane sjølv.

Inn på scenen skal det dei neste to timane strøyma inn ungdommar frå alle kantar: Dansarar, skodespelarar, songarar. Og mens me knapt har sett ein levande musikar på scenen på Rogaland teater det siste tiåret, har Unge Spor med seg totalt 12 musikarar i eit imponerande tettspelt band.

Uklar historie

Det er ikkje heilt enkelt å seia kva «Sønn av Synd» handlar om, særleg ikkje i første akt. Det heile startar med eit par songar, men på femte rad var det særs vanskeleg å skjøna kva som blei sunge, kanskje sidan høgtalarane hang mange meter over oss. I andre akt flytta eg lenger bak i salen, og forstod litt meir av songtekstane.

Likevel er det, slik det også var i «Tinsel Town», ei ganske uklar historie Iren Førland byr på. Særleg manglar det ein tydeleg dramatisk motor i første akt. Her er ein mafiaboss, don Carlo, sonen hans Dominic og ei rekkje damer. Etter 25 minuttar dukkar det opp nokre politifolk som spelar komedie og snakkar om eit drap og eit lik (som me ikkje har sett noko til). Men også dette viser seg å vera ei sidehistorie som aldri blir oppklart.

Her er altså ikkje noko tydeleg mysterium som skal løysast, ikkje nokon tydeleg dramatisk boge. Det er litt pussig at ein snakkar om dramatiske ting som drap og lik og undercoveragentar, men me får ikkje sjå desse dramatiske scenene spela seg ut eller bli sett i nokon samanheng. Det er også pussig å høyra element av songar blir sunge utan at songaren er å sjå på scenen, som også skjer eit par gonger.

Flotte musikalnummer

Utover i andre akt blir kjærleiken mellom Dominic (Sebastian Alexander Rosso Altamirano) og sigarettjenta Ariana (Sigrid Lygren) den viktigaste historielinja me følgjer. Fleire av nummera mellom desse to, som nydelege «Stå stille», er flotte musikalaugneblink, kanskje nettopp fordi fokuset er så tett på dei to, mykje av staffasjen er rydda bort, melodilinjene er enklare å følgja.

Musikken spenner frå Las Vegas-stil, innom element i skjæringsfeltet mellom prog og musikal - og til tydelege referansar til Kaizers Orchestra. Det er både mørkt, tøft og kaizersk når mafiabossen syng i andre akt, flankert av svartkledde dansarar.

Frå Chicago til Bryne

Det er eit godt stykke frå Chicago i 1929 til Bryne i 2019. Alt ungdommane spelar ut i «Sønn av Synd» ligg uendeleg langt frå deira eige liv og eigne erfaringar - med dei konsekvensane det har for truverdet i replikkane dei leverer. Men okei. Det finst meir enn nok av deprimerande ungdomsteater som handlar om kor hardt og mørkt det er å vera ung. Det er herleg befriande med overskot, energi, fantasi og vilje til å underhalda.

Målet med Unge Spors hovudforestilling, er at alle skal få vera med og at alle skal få skina. Det er eit prisverdig prinsipp. Det fører sjølvsagt i periodar til at det blir lett kaotisk på scenen, men sjarmerande er det heile tida.

Mitt råd i fjor var «Kill your darlings»: å gjera framsyninga kortare, enklare og tydelegare. Unge Spor har følgt litt av oppfordringa. Fjorårets «Tinsel Town» varte 2 timar og 50 minutt, med 28 songar. Årets variant varer to timar og inneheld 24 songar. Neste år håper eg på 90 strame minutt, med dei 14 beste songane og ei meir fokusert historie.

Aftenbladet gir ikkje terningkast på framsyningar med barn og ungdom.