logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo logo
star Bookmark: Tag Tag Tag Tag Tag
Norway

Me har opplevd at byråkratar tolkar lover som Fanden les Bibelen

Systemet er ikkje fleksibelt for elevar med særskilde behov.

SÆRSKILDE BEHOV: Den sakkunnige uttalen frå fylkeskommunen har altså ført til at sonen vår korkje får ha musikk eller framandspråk i den tilrettelagde opplæringa, skriv Bjørn og Mona Brekkan.

SÆRSKILDE BEHOV: Den sakkunnige uttalen frå fylkeskommunen har altså ført til at sonen vår korkje får ha musikk eller framandspråk i den tilrettelagde opplæringa, skriv Bjørn og Mona Brekkan. Rune Meyer Berentsen (arkiv)

Debattinnlegg

Bjørn og Mona Brekkan

foreldre

Me har ein son som er elev ved ein vidaregåande skule, og går på det ein kallar for tilrettelagt opplæring. Han likar seg på skulen og får god opplæring.

Men me som foreldre har nokre spørsmål me vil stilla. Det er fordi me har opplevd at mange byråkratar tolkar lover og føresegner som Fanden les Bibelen.

Saka er den at sonen vår er veldig glad i musikk, i å reisa og læra språk. Dette er ein viktig del av livet hans. Det første året tilpassa skulen undervisninga slik at han fekk ha musikk med musikkpedagog i kulturskulen. Her spelte, song og framførte han i lag med andre born og ungdommar med det ein kallar særskilde behov. Det har vore veldig kjekt, og han har lært mykje, også å delta på konsertar med publikum.

Både han og me ønskte at han fekk undervisning i framandspråk (fransk, spansk, tysk), fordi dette også er hans sterke sider. Då me klaga på vedtaket om at han ikkje fekk undervisning i framandspråk, førte denne klagen til at han no ikkje får nokon av delane som ein del av den såkalla «tilrettelagde opplæringa». Framandspråk og musikk høyrer ikkje til programfaget hans, var grunngjevinga.

Framandspråk vert berre undervist i på studiespesialiserande – eit programområde sonen vår ikkje kan koma inn på. Dermed kan ingen elevar med særskilde behov i Hordaland Fylkeskommune få undervisning i musikk, fransk, spansk eller tysk i den vidaregåande skulen, slik Hordaland Fylkeskommune svarar oss.

Me har ikkje orka å ta denne runden med klage til Fylkesmannen, då me av erfaring veit at det er svært vanskeleg å få gjennomslag og svært krevjande. Likevel undrar me oss over at han på ungdomsskulen fekk undervisning i fransk og spansk som ein del av den tilrettelagde opplæringa, og som ein sentral del av den individuelle opplæringsplanen.

Den sakkunnige uttalen frå fylkeskommunen har altså ført til at sonen vår korkje får ha musikk eller framandspråk i den tilrettelagde opplæringa. Då er spørsmåla våre til politikarane og dei som bestemmer:

Kva skal me då eigentleg med med flotte omgrep i lover og føresegner som til dømes «tilrettelagt undervisning», «dialog med elev og føresette», «tilpassa undervisning» og «individuell opplæringsplan», når ikkje elevens interesser, behov og sterke sider faktisk står i sentrum for opplæringa? Er ikkje dette særleg viktig for elevar som han?

Eller skal det vera slik at programområde laga for såkalla vanlege elevar, skal styra kva for type undervisning born og ungdom med særskilde behov skal ha?

Opplæringsdirektøren svarer: – Vi beklagar at føresette opplever tilbodet som ikkje tilfredsstillande.

I vidaregåande opplæring skal alle elevane få tilbod om plass på eit utdanningsprogram, uavhengig av behov for tilrettelegging. Elevar som har rett til spesialundervisning, kan få avvik frå den ordinære læreplanen. Loven set ingen grensar for kor stort avvik ein elev kan få.

For å få spesialundervisning, må eleven ha ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta. Den sakkunnige vurderinga tilrår innhald, omfang og organisering av opplæringa. På bakgrunn av denne vurderinga, fattar skulen eit enkeltvedtak om spesialundervisning. PPT og skulen skal ta omsyn til føresette/eleven sine ønskjer i utforminga av opplæringstilbodet.

Skulen må vurdere ønska opp i mot eleven sitt langsiktige mål og læringsutbytte. Føresette/elev har klagerett på skulen sitt vedtak. Om fylkeskommunen ikkje gir medhald, sender fylkeskommunen saka til Fylkesmannen for endeleg avgjer.

Skulen har som mål å imøtekoma ønska til elev og føresette så langt som det er mogeleg innanfor regelverket som gjeld.

Vi beklagar at føresette opplever tilbodet for eleven i denne saka som ikkje tilfredsstillande.

Bjørn Lyngedal
Fylkesdirektør opplæring, Hordaland fylkeskommune

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
All rights and copyright belongs to author:
Themes
ICO