smp-stories-top-widget

Til minste nagle fortel norske museum om mektige skip og vakre gjenstandar i vikingtida. Ugjerningane skjuler dei i runde vendingar, og offera bryr ingen seg om.

Setninga kom brått, som eit glimt. Med våren kom svalene og langskipa, sa universitetslektor Arne Kruse i eit foredrag våren 2015 om vikingane i Skottland og Irland på 800-talet. Så treffande samanfatta han det som skjedde. Vår etter vår kom vikingane austanfrå, runda Cape Wrath, avleidd av norrønt hvarf som tyder ‘vendepunkt’, tok for seg på Hebridane eller segla vidare sørover.

3rd-party-bio

Fjerna eit heilt folk

På veg til Dublin for å hente slavar fjerna dei eit heilt folk der i nordvest.

Piktarane budde i sine små jordhus til dei måtte over i norrøne langhus, dei som var heldige og overlevde, men som var så få at språket deira forsvann.

I dag er der knapt eit stadnamn på den skotske vestkysten som var der før vikingane kom.

Historier som denne slepp gjestene på vikingmusea. I vår vitja eg Vikingskipshuset, den nye utstillinga «Víkingr» ved Kulturhistorisk museum i Oslo og det nye Sagastad på Nordfjordeid. Over tid var vikingane både driftige fangst- og fiskarbønder, dyktige handelsfolk og drepande krigarar. Med estetisk eleganse går musea i detalj om dei to første delane av den historia. Med eitt unntak skjuler dei krigarane i generelle vendingar og stiliserte tablå.

«Sverdet – krigerens smykke»

Ja, vikingskipa er vakre og overveldande byggverk som må bevarast, gjerne også rekonstruerast, som på Sagastad. Historisk museum fortel om «praktfulle sverd» og «sverdet – krigerens smykke». I Oslo strålar gjenstandane mot gjestene i all si prakt med minimalistiske forklaringar om kvar rikdomen kom frå.

På Nordfjordeid fortel ein med faghjelp frå Bergen mykje meir historie enn i Oslo, men grunnlaget for senteret er eit rekonstruert skip bygt av framifrå lokale handverkarar, og Sagastad blir dermed prega av den same lokalpatriotismen som fyller bygdetun flest.

Heroisk propaganda

Særleg Sagastad siterer gjerne frå norrøne skrifter for å vise kva slags verd vikingtida var. Denne heroiske propagandaen blir ikkje balansert med skildringar frå offera si side. Slike finst til dømes frå Sevilla, der vikingar hausten 844 drap alle menn dei kom over, tok kvinner og barn som slavar og på øya Isla Menor drap alle innbyggjarane i moskeen der dei hadde søkt ly.

«Reiser til rikdom» er ei av overskriftene på Historisk museum. Der nemner ein at somme drog på «begrensede plyndringstokter» seint på 700-talet, skildrar «langreist luksus» og framhevar at «mot og hell på slagmarken var viktig».

Museum ordlegg seg ofte varsamt, men det får no vere måte på. I filmen «Reisen» på Vikingskipsmuseet driv vikingane med «røvertokter». På Sagastad blir det same kalla «handelstokt» og «plyndringstokt til kristne område», og vikingane var «handelsmenn og reisande» som «kom i kontakt med store delar av verda».

Vikingskipsmuseet fortel at vikingane etablerte handelskoloniar i Irland og Russland, men teier om kva det innebar. Vikingane hadde problem med piktarane, skriv Sagastad og snur historia på hovudet.

Rituell gruppevaldtekt

Vikingtida er vanskeleg å snakke om til barn – viss ein vil seie det som det var. Det enkle grepet er å vere direkte berre i tekstar plassert godt over barnehøgd. Ingen av musea gjer det.

I staden overraskar Sagastad brutalt i ein dokumentarfilm med bølgjer i solnedgang. Der skildrar dei ei bålferd for skip og konge med utdrag frå ei arabisk skildring frå Russland i 922. Det som elles i utstillinga er estetisert, blir her ei grafisk forteljing om rituell gruppevaldtekt og korleis den valdtekne like rituelt blei drepen etterpå. Der var barn i salen som såg med øyra på stilk.

I utstillinga på Nordfjordeid heiter det presist at «vikingsamfunnet var eit krigarsamfunn». Museet hevdar faktisk i filmen «Det brente skipet» at vikingtida har hatt mykje å seie for den norske nasjonale identiteten. Om det gjeld dagens identitet eller i ein bestemt periode, er uvisst, også kva det er ved vikingtida som har spelt ei slik rolle.

Etter den nazistiske dyrkinga av det norrøne 1940–45 er det vel i dag berre nynazistar som opent hentar legitimitet frå tusen år gamle mytar.

Som andre i si tid?

Å bruke vår tids etiske normer på fortida kan vere farleg ferd. I den norske debatten om vikingtida heiter det gjerne at vikingane var som andre i si tid. Vikingane skreiv knapt eitt ord sjølve om eigne gjerningar, men forsking i seinare tiår har gitt mykje og nyansert kunnskap om vikingsamfunna. Det kan norske museum fortelje om utan å gjere utrydding av ein kultur til «kontakt» med andre folk.

Då blir kritisk formidling til ein nasjonalistisk apologi for noko av det verste folk her frå nord har gjort mot andre.

Blikk utanfrå kan dempe det norske nærsynet. I den nye og myndige verdshistoria Silkeveiene (norsk utgåve 2017) viser Peter Frankopan til at ordet viking gjerne får ein til å tenkje på langskip «som dukker frem fra tåken med væpnede menn som plyndrer og voldtar». Han minner om at dei verste drog austover og sørover, ikkje vestover.

Skipa romma også helvete på jord

Dei oppførte seg som «gjenger med herdede kriminelle» og «viste ingen nåde når det gjaldt å ta folk som slaver». Frankopan presiserer at vikingtokta også i vest handla vel så mykje om slavehandel som plyndring. Etter kvart blei pengar meir vanleg enn menneske som betalingsmiddel, konstaterer han. Då blir avstanden mellom orda ‘handelsmann’ og ‘krigar’ mykje mindre enn på musea.

Myntar kan stillast ut, men ikkje slavar.

Sagastad vonar å bli eit vitensenter som er «nasjonalt og internasjonalt kjend for sine utstillingar og si formidlingsevne», og i Oslo skal det byggjast stort og dyrt vikingmuseum.

Skal det offentlege bruke endå meir pengar på slikt, må tida vere ute for rosemåla forteljingar om skandinavar på handletur i vakre skip med glinsande sverd.

Dei skipa romma gods og gull og sjømannskap, men også helvete på jord.