Stortinget har bestemt at Sandnes og Forsand skal bli slått saman. I desember bestemte Kommunal- og moderniseringdepartementet at Preikestolen skal overførast frå Forsand til Strand ved ei grensejustering. Dette har utløyst ei lang rekke utspel.

I februar ba Forsand kommune om at grensejusteringa mellom Forsand og Strand blir utsett eitt år, til 1. januar 2021. Forsand meiner grensejusteringa er arbeids- og ressurskrevande å gjennomføra for ein liten kommune, i tillegg til samanslåinga med Sandnes som skal settast i verk frå same dato.

Kommunal- og moderniseringdepartementet meiner det er ingenting som tilseier at dette er meir krevjande for Forsand enn andre kommunar.

Departementet viser til at det er fleire små kommunar i Norge som nå gjennomfører grensejusteringar og kommunesamanslåingar parallelt – og kan ikkje sjå at det er spesielle forhold eller omsyn som tilseier at dette skal vera meir krevjande for Forsand kommune enn andre. Departementet finn ikkje at vilkåra for ei utsetting er til stades.

Fylkesmannen i Rogaland har avslått to nye innbyggarinitiativ om grensejusteringar i Forsand. Dei kom frå innbyggjarar som heller vil til Sandnes enn Strand. Desse avslaga blei klaga inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nå har departementet kome til same konklusjon som Fylkesmannen. I avslaget heiter det:

"Fylkesmannens vurdering av at momentene som anføres i de to innbyggerinitiativene var kjent for departementet da departementet vedtok grensejusteringen (...) Departementet kan ikke se at det i noen av initiativene anføres nye momenter av betydning for vurderingen".