Norway

Tenk så stussleg mat du får i Oslo viss du gjer som Eggen på Vestlandet

Viss du et god mat på ein ukjend stad, er det fordi du har gjort grundig research på førehand.

Publisert Publisert

Nå nettopp

Går du av toget på Oslo S, ravar ut på Karl Johan og betalar det den første og beste turistfella forlanger for ein middag, blir du blakk, trist og misnøgd, skriv Andreas Kokkvoll Tveit i ein kommentar til Torgrim Eggens reisebrev frå Vestlandet. Foto: Aleksander Andersen/NTB Scanpix

Debattinnlegg

Mange har allereie skrive mykje vettig og vittig om forfattar Torgrim Eggen sitt underhaldande reisebrev i D2 frå den kulinariske rundturen hans på Vestlandet.

Som utflytta sunnfjording med snart 20 år i hovudstaden, vil eg legge til at når Eggen reiser land og strand rundt utan plan, mål eller meining eller smarttelefon (!), og likevel ventar at det skal dukke opp eit skikkeleg måltid idet han kjenner det rumle i magen, då har han gløymd noko alle, sikkert også Eggen, veit godt:

Viss du et god mat på ein ukjend stad, er det fordi du har gjort grundig research på førehand.

Les også

Gordon Ramsay om hvorfor han elsker Norge

Slik er det også i Eggen sin heimby. For tenk så stussleg mat du får viss du kjem til Oslo og gjer som Eggen på Vestlandet: Går av toget på Oslo S, ravar ut på Karl Johan og betalar det den første og beste turistfella forlanger for ein middag. Då blir du blakk, trist og misnøgd.

Og det er synd og unødvendig at mange går i desse fellene, for berre eit par hundre meter frå sentralbanestasjonen kan du ta av på ei sidegate og finne Mr. India, ein gammal travar som står klar til å gje deg langt betre mat til langt lågare pris.

Det finst det gode mattilbod like ved dei stadane der Eggen gjekk rundt med åndenød og tom mage i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord, skriv Andreas Kokkvoll Tveit, opphavleg frå Førde. Foto: PRIVAT

Den som heller vil ha mat som ligg litt nærare det norske kjøkenet, kan berre labbe vidare opp Karl Johan og leite seg fram til Brasserie France. Ikkje direkte billeg, men prisane er ikkje høgare enn på dei nemnde turistfellene ovanfor, og maten er rundt rekna tusen gongar betre.

Er du meir gira på vietnamesisk, er det berre å følgje trikkeskinnene og gjere ein venstresving like etter trikkestoppet i Brugata, og vips, så ligg dei der på rekke og rad.

Like ved, på Youngstorget, ligg Munchies med sine solide burgarar, og for den som vil feire noko som
rettferdiggjer ei høgare rekning, finst det ingen betre val enn å ta turen opp mot Slottet, runde Litteraturhuset og leite seg fram til den fantastiske thairestauranten Plah og avleggaren Ahaan.

Ein stor bonus der er cocktailbaren, som er verd turen i seg sjølv.

Les også

Kortreist lykke i hjertet av verdensarven

Men som alle desse døma viser: For å finne desse plassane, må du helst ta ein prat med folk som bur i byen om kvar dei likar å ete.

Som Renate Rivedal, sunnfjording busett i Bergen, sin gjennomgang i Firda så elegant viser, finst det gode mattilbod like ved dei stadane der Eggen gjekk rundt med åndenød og tom mage i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord.

Slik er det uansett kvar du er i landet: Du finn ikkje skattane utan å gjere ein innsats på førehand. Send meg til ein ukjend by utan hjelp, og eg skal sikkert gå på ein kulinarisk smell, eg også.

Og viss Torgrim Eggen hadde sett turistane sige ut frå Oslo S, gå med usikre steg ut i hovudstadens paradegate og funne ein spisestad der dei svir av 400 kroner på ein heilt ordinær peparbiff som attpåtil må bestillast ved disken, då ville han nok ha snøfta og himla med auga.

Eg gjettar på at han, som er forfattar av fleire (riktig flotte) kulturhistoriske bøker frå metropolar som Berlin og New York, ville blitt sjokkert over kor urutinerte og lite verdsvante desse turistane er.

Men dei gjer ikkje noko anna enn akkurat det Eggen gjorde då han var på rundreise: Å vente at dei gode
matopplevingane skal kome av seg sjølv.

Turistane har i det minste skam i livet til ikkje å klage i avisa etterpå.

Football news:

Dynamo Stavropol about the match with Rotor: Transfers in the Russian Cup are prohibited. The RFU said that there is no way back
Maccabi entered the Champions League without 11 players due to covid. UEFA allows you to play if there are 13 players from the application
Ole Gunnar Solskjaer: De Gea saved us for years, Henderson did the same today. Lingard played well
The semed said goodbye to Barcelona: Thank you for the opportunity to realize the dream. Eternally grateful
Juve have leased Morata from Atletico for 10 million euros with the right to buy out for 45 million
Barcelona and Atletico have agreed a move for Suarez (Fabrizio Romano)
At the 1950 world Cup, Amateurs from the United States beat England. The coach of the Americans compared their players to sheep, and the author of the winning goal went missing