Norway

Vindkraftmotstanden flyttar til havs

Når folk blir forbanna berre dei ser ein vindturbin, er det ikkje sikkert det hjelper å plassere dei i sjøen.

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

Publisert Publisert

Nå nettopp

iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

1. oktober sat statsminister Erna Solberg (H) i ein kutterobot i verkstadhallen på Kværner Stord. Framfor henne var det ein knapp, som ho trykte på. Maskina vakna til liv.

Det var den formelle starten på bygginga av Hywind Tampen, elleve flytande havvindturbinar som skal gje straum til Sleipner-plattforma i Nordsjøen. Byrjinga på eit eventyr, ifølgje statsministeren.

Flytande havvindturbinar har i fleire år figurert i politiske festtalar frå dei fleste parti. I den litt uklare massen av ting Noreg kan leve av etter oljen, er turbinane befriande handfaste – òg for politikarane.

Til no har det vore lite motstand, akkurat som det var for vindkraft på land for fem–ti år sidan. Men det er ikkje sikkert vindkraft blir konfliktfritt til sjøs heller.

.css-1qhdkip{position:absolute;z-index:1;width:100%;height:100%;top:0;left:0;object-fit:cover;object-fit:contain;}

1. oktober sat statsminister Erna Solberg (H) i ein kutterobot i verkstadhallen på Kværner Stord. Framfor henne var det ein knapp, som ho trykte på. Maskina vakna til liv. Foto: Tor Høvik

For ei veke sidan sat eg heime i stova og følgde eit videoseminar om havvind. Havforskingsinstituttet var arrangør, saman med organisasjonen for industrien som ser for seg ein global milliardmarknad, Norwegian Offshore Wind Cluster.

Nokre av landets fremste ekspertar presenterte det som finst av forsking på korleis havvind påverkar livet i sjøen. Enkelt fortald var det ikkje så mykje å uroe seg for, enno i alle fall.

Forskar Thomas Dahlgren frå Norce hadde gått gjennom 598 publikasjonar om temaet frå 1993 til i dag. Konklusjonen var at høg lyd frå byggeperioden, når stolpar blir slått ned i havbotnen, er eit problem. Men det er kortvarig.

Elles hadde ingen av studia funne teikn til at fiskar eller andre vesen i havet blir negativt påverka av vindturbinane, når dei først var komne i drift.

Samstundes påpeikte forskar Geir Pedersen frå Havforskingsinstuttet at støy, både frå store vindkraftparkar og skip, er lite utforska. Det same gjeld verknaden på fuglelivet.

God stemning i juni, då olje- og energiminister Tina Bru opna dei første norske havvindfelta, Utsira Nord og Nordsjøen 1. Foto: Ørjan Deisz

Viss Noreg no skal satse på havvind, er slik kunnskap viktig. Pionertida for vindkraft på land vart skjemma av dårleg regulering, som mellom anna førte til at mange kommunar no får andre og større kraftanlegg enn dei hadde sett for seg.

Skal ein unngå det same konfliktnivået til havs, må både styresmaktene og bransjen ta lærdom av eigne feil.

Equinor har tatt sjølvkritikk på planlegginga av Hywind Tampen. Den kom etter dei fekk kraftig tyn frå fiskeriorganisasjonane, for at dei ikkje vart høyrt under planlegginga av prosjektet.

Viss det norske havvindeventyret skal bli noko av, må konfliktnivået ned.

Les også

Ein båt lasta med vindkraft-optimisme

Hovudårsaken til at bransjen bør trø varsamt, er at flytande havvindturbinar vil vere avhengige av subsidiar i 10–15 år før dei blir lønsame. Staten har, gjennom oljeskatten og Enova, allereie tatt mesteparten av rekninga for Hywind Tampen.

Industrien vil at den norske staten skal bruke meir, og både Høgre og Ap opnar no for ei eller anna form for støtteordning. Norsk industri treng ein heimemarknad å utvikle seg i.

Men viss skattebetalarane skal ta rekninga, må bransjen og politikarane legge seg i selen for å få dei med på laget. For førebels er ikkje folket heilt på same entusiasme-nivå som industrien og statsministeren.

Ei meiningsmåling som vart gjort i fjor, viste at berre ein av tre meiner havvind er noko Noreg bør satse på, sjølv om sju av ti var positive til havvind sånn generelt.

Kampen mot vindkraft på land har endra biletet av dei kvite roterande blada i hovudet på mange nordmenn. Frå stillferdige kraftproduserande englar, til blodraude, støyande, storkapitalistiske fugledrapsmaskiner.

I juni var det for første gong fleire som var negative enn som var positive til vindkraft på land, i Opinion si meiningsmåling for NRK.

Då vindkraftmotstanden fekk fart for eit par år sidan, var eit hovudargument for mange at turbinane heller burde flyttast til havs. Der er det ikkje natur og friluftsområde som blir øydelagde. Der er det ingen som ser eller høyrer vindturbinane.

Men vindkraftmotstanden på land har allereie smitta over til havvind. Då regjeringa i fjor sende ut «Forslag til forskrift om fornybar energiproduksjon til havs» på høyring, var organisasjonen Motvind kritisk:

«Motvind Norge vil advare mot at landet nå atter en gang kaster seg på en dårleg forberedt satsing med utbygging av vindkraft som har liten effekt og store konflikter som konsekvens.»

Argumenta mot havvind var henta frå arsenalet dei har samla opp under kampen mot vindkraft på land, med litt tilpassing:

I det siste ligg det ein gryande allianse. For fiskerinæringa er òg kritisk til havvindplanane, først og fremst fordi dei fryktar å bli fråtekne fiskefelt. Her får dei støtte frå forskarhald.

Havforskingsinstituttet fråråda vindkraft i eitt av dei tre felta regjeringa ønskja å opne for havvind, Sandskallen utanfor kysten av Finnmark. Dette er eit viktig gyteområde for lodde og torsk.

I det sørlege området, Nordsjøen 2, meiner dei delar må takast ut fordi det er gyteområde for fiskeslaget tobis. Det siste området, Utsira Nord, har forskarane klarert. I juni opna difor regjeringa det og Nordsjøen 2 for havvind.

Men fiskarane er ikkje overtydd. Gjert Dingsør frå Fiskebåt/Fiskarlaget frykta for silda på Utsira.

Les også

Fiskerne i Pelagisk forening: Havvind er ikke løsningen

Ingen av problema bør vere uløyselege, men konflikt om areal kan ein neppe unngå. Fiskarane ønskjer så få restriksjonar som mogeleg, og fryktar òg at vindkraftanlegg vil presse skipstrafikken ut i områda der dei skal fiske.

Eventyret Solberg og andre drøymer om skjer på djupt vatn. Det er der, for flytande havvind, at norske selskap kan hevde seg internasjonalt. Det er òg der det er minst konflikt med fiskeria.

Men å få til ei norsk støtteordning er ikkje heilt enkelt. I motsetning til Storbritannia, Sør-Korea og California, er ikkje Noreg avhengig av havvind for å nå våre klimamål. Det vil seie – ikkje viss ein del av vindkrafta på land blir bygd ut.

Eit av dei største straumsluka framover blir elektrifisering av oljeplattformene i Nordsjøen. Eg har tidlegare tatt til orde for at det bør skje med vindkraft, sidan staten uansett tek mesteparten av rekninga gjennom oljeskatteregimet.

Det vil òg gjere det politisk lettare å få gjennom, enn om havvindsubsidier må konkurrere med vegar, skular, helse og eldreomsorg på statsbudsjettet.

Football news:

Juve want to buy Morata from Atletico in the summer. Pirlo considers him an ideal partner for Ronaldo
Inter will not sack Conte regardless of results in the Champions League. The club wants a long-term project
Zidane on Hazard: He hasn't been injured in his entire career, but now... It's a difficult situation, but Eden is very strong
Robertson about VAR: We just want consistency. The same mistakes are made
In the USSR, only football was hotly debated. In 1947, writer Steinbeck and war photographer Capa traveled around the Union and went to a match in Georgia
Joan Laporta: Barcelona and the Champions League are a shattered success story. I want to return the club to the top of world football
Cavani apologized for the word Negrito on instagram: I am against racism. The last thing I wanted to offend anyone